Sogndal: For å unngå eit underskot på om lag åtte millionar kroner, er Sogndal Fotball nøydd til å kutte mellom ti og tolv millionar kroner i budsjettet i år. Det skriv NRK.
Fjorårets budsjett var på 52 millionar kroner, så det er harde tak som må til både i admisistrasjon og det sportlege, for å unngå millionunderskot.
– Me må endra på nokre oppgåver, det blir mindre av noko, og noko må veljast vekk, seier Rasmus Mo, som er konstituert dagleg leiar i klubben, til NRK.
Fokuserar på arrangement og marknad
Klubben har spart fem millionar ved å gjere endringar i spelarstallen, samt éin million etter endringar i reisesamanheng.
Frå september, når dei fire i administrasjonen har slutta, fell òg lønnskostnadane.
Elles skal klubben bli smalare på det dei driv med, og vil mellom anna å ha mindre fokus på næringslivsseminar og næringsutvikling på Campus.
– Me må ha fokus på arrangement og marknad, for det er det som gir oss økonomi, seier han.
Etter at nedskjeringane i administrasjon, skal klubben sjå på kutt i den sportslege delen.
Dei har ikkje oversikt over kor mange personar som må gå, men fortel at dei er i rute til å klare å redusere tolv millionar frå budsjettet.