NYTT MIDTBANETALENT: Rosenborg-spelar Tobias Bjørnebye har signert kontrakt for Sogndal Fotball for 2021-sesongen.
NYTT MIDTBANETALENT: Rosenborg-spelar Tobias Bjørnebye har signert kontrakt for Sogndal Fotball for 2021-sesongen. (Foto: Rune Sjøberg / Sogndal Fotball)

Sogndal Fotball har henta ny midtbanespelar: – Ein vinnarskalle

Tobias Bjørnebye har signert kontrakt for Sogndal fotball.

Sogndal: Rosenborg BK og Sogndal Fotball har blitt einige om ein overgang for midtbanespelar Tobias Bjørnebye (20), det melder Sogndal på sine nettsider. Kontrakta gjeld sesongen 2021. 

– Me gler oss over at Tobias no kjem til Sogndal, her vil han passa godt inn. Han er ein ung, spennande spelar som me har fulgt godt med på, spesielt no dette året der han spelte for Hødd, seier trenar Eirik Bakke. 

– Det er ein spennande spelar som har gått gradene i Rosenborg-skulen. Me håpar at han vil fortsetja si fine utvikling her hjå oss og at han blir ein viktig spelar i kvitedrakta, seier sportsleg leiar Håvard Flo. 

Duellsterk spelar

Bjørnebye kom frå ungdomsfotballen for Lyn, før han vart del av Rosenborg G19. Før sesongstart 2019 gjekk han på utlån til Hødd. 

Bjørnebye skildrar seg sjølv som ein duellsterk spelar, som er god på hovudet og har eit godt blikk for spelet. 

– Det er ei fin gruppe med eit godt miljø, eg har fått eit veldig godt inntrykk. Fasilitetane er heilt topp, så her skal det bli kjekt å vera, seier Bjørnebye om Sogndal Fotball. 

– Tobias er ein vinnarskalle, slik far hans var, fortel sportsleg leiar Håvard Flo.

Faren var nemleg Stig Inge Bjørnebye, som spelte fotball både nasjonalt og internasjonalt. Mamma Hege Frøseth var keeper på handballandslaget.

Til toppen