Sogndal: Som i dei fleste andre partia går nominasjonsprosessen til Sogndal Frp sin fulle gong. Litt meir uvanleg er det at dei enno ikkje har funne nokon som vil stilla som ordførarkandidat.
– Det er ikkje målet vårt heller. Målet er å få gode folk på topp på lista, seier Rita Navarsete.
Den jobben er nominasjonsnemnda i god gang med, kan ho fortelja, men èin ting saknar dei. Til no har dei ikkje ein einaste kandidat frå Balestrand eller Leikanger, der partiet heller ikkje har lokallag.
– Viss dei vil vera med å påverka Frp sin politikk i den nye kommunen, så er tida no til å melda seg på, seier Navarsete.
Vurderer å slutta i politikken
Ho vert oppmuntra av at Frp sanka godt med stemmer, rundt seks prosent, i begge dei to nabokommunane ved sist stortingsval. Difor håpar ho at dei rette personane vil dukka opp.
– Det er litt viktig at me får fram kandidatar som representerer alle kommunane. Difor må folk vakna, og tenka gjennom korleis dei ønskjer bidra, seier Navarsete.
Sjølv har ho vore i politikken sidan 2007, og var inntil nyleg gruppeleiar i Sogndal Frp. Slik sett hadde ho vore ein naturleg ordførarkandidat, men det vil ho ikkje.
– Eg har ikkje sagt ja til å stå på lista ein gong. Det er slitsomt å vera ein god politikar, og samstundes vera næringsdrivande. Eg tenkjer det er på tide for andre å steppa inn. Men eg har tida fram til februar på å bestemma meg, seier Navarsete, som er dagleg leiar i Pryd og Brukskunst i Sogndal.
Forundra over Ap-kampen
Medan Frp går til val utan ordførarkandidat, registrerer Navarsete kampen som føregår i Ap, der to kandidatar kjempar om klubba.
Frå sidelinja tykkjer ho det verkar merkeleg at dei ikkje har greidd å bli samde internt.
– Dette trur eg ikkje hadde skjedd i Frp. Det må vera kampar som er viktigare å ta enn det der. Det viktigaste er å fronta partiet og politikken, så får toppkandidaten bli den det blir, seier Navarsete.