SPELARUTVIKLING: Trenar Nils Tore Krosshaug seier dei gode resultata i cupen er gevinst frå det utviklingsarbeidet Sogndal har drive med over lang tid.
SPELARUTVIKLING: Trenar Nils Tore Krosshaug seier dei gode resultata i cupen er gevinst frå det utviklingsarbeidet Sogndal har drive med over lang tid. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Sogndal G-19 klare for semifinale i NM: – Det blir hektisk, men det er det me ønskjer

Nytt gullhåp for Sogndal sine juniorar.

Sogndal: I fjor stakk dei av med NM-gullet etter 3-1 siger mot Rosenborg i finalen. No kan dei få sjansen igjen. 

Onsdag kjempa dei regjerande norgesmeistrane frå Sogndal seg til ein semifinalebillett etter 1-0 sigeren mot Brann på Fosshaugane. Det er takka godt arbeid, seier trenar Nils Tore Krosshaug til Porten.no. 

– Det er mange i troppen som spelar på Sogndal 2 i 3.divisjon og nokre er på A-laget, så dei får spela gode kampar og god trening av det. Sigeren er òg ein gevinst av at me har jobba godt over tid, særs spelarutviklingsarbeidet som har pågått i Sogndal mellom A-laget og trenararne, seier Krosshaug. 

Alle sjansar for ny finale

Etter sigeren mot Brann er det klart for semifinale mot Odd 31. oktober.

– Korleis skal de jobbe fram mot Odd-kampen?

– Me har framleis kampar i tredje divisjon og skal samtidig spele Youth League. Det blir hektisk, men det er det me ønskjer. Utover det vil me halde fram å jobba slik me har til no. 

Krosshaug tok over som hovudtrenar i januar etter at Håvard Hatle ga seg. Han fortel at han har stortrivast i jobben så langt. 

– Det har vore fantastisk. Det er ei veldig bra gruppe, dei er disiplinerte og trenevillige og har lyst til å utvikla seg. Får sjå utviklinga vidare, og sjå om det er nokon som kan ta steget opp til A-laget. 

– Dei må jobba hardt kvar dag og setja seg mål. Me får iallfall ein utvikling, seier han. 

Til toppen