Sogndal: Politikarane i Sogndal ønskjer felles legevakt med Vik, Leikanger og Luster. Bakgrunnen for ønsket er å stå betre rusta til å møte nye og strengare krav til legevaktordninga. For innbyggjarane kan det bety betre kvalitet, men òg lengre avstandar til akutt hjelp.
Ordførar Jarle Aarvoll meiner dei nye nasjonale krava gjer samarbeid naudsynt.

– Om me ikkje inngår dette samarbeidet, så vil det gje oss heilt andre kostnader og større utfordringar seinare, sa han frå talarstolen då saka var oppe i kommunestyret torsdag.
Det nye regelverket vart vedteke allereie i 2014, men vil bli gradvis fasa inn i åra som kjem.
Les også: Desse sognekommunane vurderer felles legevakt
Les også: Dette betyr felles legevakt i Sogn for deg
Naboane sit på gjerdet
Fylkeslege Per Stensland har åtvara mot at fastlegesystemet kan bryte saman på grunn av overbelasta fastlegar og påfølgande manglande rekruttering. Vaktbelastninga vil bli enno større når dei nye krava trer i kraft.
Nyordninga medfører ei auke i kostnadene, for Sogndal sin del 2,5 millionar kroner, men forutset at dei andre kommunane gjer same vedtak. Det er langt frå sikkert:
Formannskapet i Leikanger har vendt tommelen ned til samarbeidet, i første rekkje fordi det blir dyrare. I Luster er dei òg skeptiske og har bedd rådmannen ta ein ny runde på dei auka kostnadane. Utvalet som har greia ut ordninga i Vik er derimot positive til felles legevakt.

Høgre bak om tenkepause
– Viss fleire deler på kaka, blir det mindre utgifter på kvar. Det håpar eg dei andre kommunane òg ser, sa Rita Navarsete (Frp) om skepsisen i nabokommunane.
I kommunestyret i Sogndal var det berre Høgre som ønskte å utsette saka, ikkje minst på grunn av usikkerheit knytt til konsekvensane av ei kommunesamanslåing.
– Eg tykkjer me skal tenke oss om littegrann, for det er ikkje lenge til Balestrand blir ein del av kommunen, sa Einar Vatlestad (H).
Då dei såg at dei stod åleine om skepsisen, valde dei likevel å trekke utsettingsforslaget. Den felles legevaktordninga vart dermed einstemmig vedteken.