Førde – Sogndal 0-1
Førde: Edin Øy fekk ikkje spele mot klubben han er lånt ut frå då Førde tok imot Sogndal i cupen.
Frå sidelinja fekk han sjå moderklubben ta seg vidare til 3. runde i NM med 1-0 i Hafstadparken. Det sørgja Rune Bolseth for då han scora kampens einaste mål i det 67. minutt.
Eit langt innkast blei klarert ut på 17-18 meter. Der vanka Bolseth med venstrefoten til og klemte til ballen, som gjekk via ein spelar og i mål.
Sogndal unngjekk dermed cupbomba, som small nettopp i Hafstadparken i førre runde då Brann vart sendt på hovudet ut. Bergensarane er det einaste Eliteserielaget som ikkje er framleis med i NM.