I FARTA: Gilbert Koomson og Sogndal jakta den tredje sigeren på rad mot Vålerenga. Det vart med uavgjort. Foto: arkiv.
I FARTA: Gilbert Koomson og Sogndal jakta den tredje sigeren på rad mot Vålerenga. Det vart med uavgjort. Foto: arkiv.

Sogndal greidde berre uavgjort mot Vålerenga

Sogndal pressa på etter utlikninga, men klarte ikkje avgjere mot eit hardtkjempande Vålerenga. Dermed enda kampen 1-1.

Vålerenga - Sogndal (1-1): Sogndal jakta den tredje strake sigeren og den niande kampen på rad utan tap i eliteserien. Men slik såg det ikkje ut då kampen starta. Allereie etter eit kvarter scora Vålerenga ved Ghayas Zahid.

Men verre var det at Sogndal var ein bleik kopi av laget som til tider har sjokka motstandarane i eliteserien med hard jobbing over heile fjøla.

Trenar Eirik Bakke vil helst snakke minst mogleg om det som skjedde før pause.

– Det var stillingskrig. Me skapte lite, men dei skapte ingenting dei heller. Me sleit med å få kampen inn i vår rytme, slik det ofte blir på bortebane, seier han etter kampen.

Sjansefattig førsteomgang

Heimelaget følgde opp den gode starten med eit par halvsjansar, ofte hjelpte av eit slurvete Sogndal. Dyngeland rota, Sarr rota, medan Ghayas Zahid var nær ved å auka leiinga med to identiske og flott skrudde skot. Men det stod framleis berre 1-0.

Litt etter litt tok Sogndal over. Ikkje minst byrja Gilbert Koomson å lee på seg. Rett nok utan å oppnå meir enn å bli utsett for nokre susande taklingar.

Daniel Fredheim Holm skal vere glad han fekk vere på bana etter den verste av dei. Utruleg nok slapp han unna kort i det heile.

Sogndal var kanskje best i spelet, men klarte ikkje å komme til ein einaste sjanse i løpet av heile den første omgangen.

Kjempa seg innatt i kampen

Dei kom derimot som perler på ei snor etter pause. Den første stod Eirik Birkelund for då han styrte eit skot like utanfor stolpen med innsida av foten. Like etter kom Lars Kristian Kjemhus fri på atten meter, men skotet hamna rett i klypene på keeper Marcus Sandberg. Ole Amund Sveen var òg nære eit par gongar.

Patronen for Utvik var det einaste bytet, men det verka som om eit heilt nytt lag hadde kome på bana i andre omgang.

– Etter pause fekk me flytta laget høgare opp, me fekk springe meir på deira halvdel og då kjem dei andre tinga òg. Me spelar veldig bra og står kampen veldig godt, seier Bakke.

Kvarteret ut i omgangen vart Mahatma Otoo kasta inn i jakta på utlikning. Han kom til ein sjanse på direkten, men fekk frispark mot seg på veg åleine mot mål. Like etter kom Vålerenga til sin første verkelege sjanse i omgangen. Men avslutninga til Rasmus Lindkvist gjekk utanfor.

Så kom utlikninga. Det starta med at Koomson sette fart mot Kjetil Wæhler, som nok angra på at han hadde droppa bilsjuketablettane før kampen. For stopparkjempa vart finta til høgre og venstre så mange gongar at han vakla stygt då innlegget endeleg kom.

Der stod Sveen og styrte inn 1-1.

– Rekordar betyr lite

Kvarteret før slutt var Ramsland på farta inne i sekstenmeteren. Han kunne ha skote sjølv, men var vaken nok til å få med seg at Otoo var på eit farleg løp. Pasninga var perfekt, men ghanesaren var ikkje kjapp nok på avtrekkaren og ballen sklei av foten og ut over sidelinja.

Sogndal var best ut omgangen. På overtid fekk Otoo sjansen etter eit hjørnespark, men brassen gjekk over mål. Så då enda det 1-1. Bakke føler dei fortente meir.

– I andre fekk me vist at me er eit mykje betre lag en VIF. Me burde ha tatt med sigeren heim att, seier han.

Sogndal kan dermed skryte på seg ni strake kampar på rad utan tap i eliteserien. Utan at Bakke brukar så mykje energi på akkurat det.

– Rekordar er ikkje så nøye, det betyr berre at me gjer det bra. Neste kamp går me for siger mot Bodø/Glimt, då blir det i tilfelle ti kampar på rad utan tap. Men det er ikkje dèt me tenkjer på, seier Bakke. 

Til toppen