OPNA BEST: Sogndal var det klart beste laget dei første 20 minutta på Alfheim, men Eirik Bakke og co greidde ikkje å utnytte det fine starten. Etter kvart vakna Tromsø som i motsetning til Sogndal tok vare på sjansane sine. Foto: Halvor Farsund Storvik.
OPNA BEST: Sogndal var det klart beste laget dei første 20 minutta på Alfheim, men Eirik Bakke og co greidde ikkje å utnytte det fine starten. Etter kvart vakna Tromsø som i motsetning til Sogndal tok vare på sjansane sine. Foto: Halvor Farsund Storvik. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Sogndal greidde ikkje å utnytte tafatt Tromsø-start

Det såg verkeleg bra ut for Sogndal etter 20 solide opningsminutt, men så vakna heimelaget som avgjorde kampen i løpet av åtte minutt.

Tromsø – Sogndal 3-0

Tromsø: Gjestane frå saftbygda såg ut til å ha med seg mykje sjølvtillit frå storsigeren mot Stabæk. I opningsminutta var det Sogndal som heilt klart var mest påskrudd, men då verken Bendik Bye eller Christophe Psyché klarte å utnytte sjansane sine, vakna etter kvart heimelaget.

I andre halvdel av 1. omgang var Tromsø det beste laget, og etter pause var det dei som var vakne. Det var knapt spelt 40 sekundar då Gjermund Åsen gav Tromsø 1-0. Simen Wangberg auka til 2-0 åtte minutt etter, og sjølv om Sogndal viste fine tendensar tidvis, var det vertane som fekk utteljing. På overtid fastsette Hans Nordbye sluttresultatet til 3-0.

Sjå høgdepunkta frå kampen i videovindauget øvst i artikkelen. Les meir om den unike moglegheita til Porten.no HER.

– Me byrjar veldig bra og har veldig store sjansar. På bortebane bør me sette desse. Etter kvart kjem Tromsø meir og meir inn kampen, og det første me gjer etter pause er å byrja med ein feil. Då får Tromsø energi og me dett litt ned, og når 2-0 kjem så kjapt etterpå, så blir det vanskeleg, oppsummerer kaptein Henrik Furebotn til Porten.no. 

Han meiner ei tidleg scoring ville vore alfa omega for Sogndal i denne kampen.

– Då ville me fått kampen dit me ville og ikkje trengt å ta særleg med sjansar framover, men i staden liggja og kontra på dei. Då måtte Tromsø ha flytta opp, og me ville fått ein heilt annan kamp. Men me må setja desse sjansane når me får dei, gjentek han.

Sogndal starta best

På Alfheim var det Sogndal som kom best i gang i snøvêret. Bendik Bye har hatt ein strålande start i Sogndal-trøya med både målgivande og scoring i dei to første kampane sine, og etter berre fem minutt var han nær sesongens tredje, men avslutninga frå hjørnet av femmeteren gjekk til side for mål.

Christophe Psyché var også nære for Sogndal, som mista kastearmen til Taijo Teniste etter 23 minutt. Estlendaren, som var flytta over til venstreback, måtte ut med skade.

Etter kvart vakna også eit smårysta Tromsø. Det tok 20 minutt, men frå og med då var det Tromsø det handla om herfrå og til pause. Ved fleire høve kom dei til avslutning i gode posisjonar, og Mathias Dyngeland kan takke ein bunnsolid Bjørn Inge Utvik for at ikkje han måtte ut i full strekk.

Traff tverrliggaren

Sogndal-keeperen hadde derimot desto høgare puls då Simen Wangberg forsøkte ei frekk avslutning med hælen. Ballen traff tverrliggaren, og nærare kom ikkje heimelaget dei første 45.

– Me starta veldig bra, men Tromsø kom meir med i siste halvdel av omgangen. Me slepp dei til litt for mykje på sidene, spesielt vår høgreside. Samstundes må me setja dei sjansane me får når me er på bortebane, sa Henrik Furebotn til Eurosport i pausen.

To kjappe frå Tromsø

Tromsø-målet hang i lufta, og det hadde ikkje gått minuttet etter at dommaren sette 2. omgang i gang før Tromsø fann nettmaskene ved Gjermund Åsen. 

Berre sju minutt seinare vart marerittet verre for Sogndal. Denne gongen traff Wangberg innanfor stengene med ei god heading og gav Tromsø 2-0.

Først i det 72. minuttet kom Sogndal til noko som kunne minne om ein sjanse då innbyttar Chidiebere Nwakali fann Bye, som vendte fint opp, men då han skulle skyte var Tromsø-keeper Gudmund Kongshavn kome såpass tett på at avslutninga gjekk rett på keeper. Like etter var det Nwakali som avslutta, men til hjørnespark.

Nwakali hadde ei bra innhopp og skreiv ein sterk søknad om plass i startoppstillinga mot Strømsgodset i neste runde. Mellom anna skaffa han eit hjørnespark som Bye burde ha sett inn ei redusert på då han fekk stå åleine og heade frå halvannan meter.

I staden var det Tromsø som fekk siste ordet på Alheim. Thomas Lehne Olsen fann Hans Nordbye åleine føre mål på overtid. Nordbye hadde ei enkel oppgåve å sette inn 3-0.

Til toppen