FÅR STØNAD: Tord Are Meisterplass knakk nakken i 2015 og blei lam frå brystet og ned. Han utvikla ideen om produktet Dignum som hjelp til med toalettbesøk.
FÅR STØNAD: Tord Are Meisterplass knakk nakken i 2015 og blei lam frå brystet og ned. Han utvikla ideen om produktet Dignum som hjelp til med toalettbesøk. (Foto: Solveig Svarstad / NRK)

Sogndal-gründer får 370.000 til å utvikla hygieneverktøy

Pengane skal gå til å utvikla eit nytt multi-hygieneverktøy, skipa av selskapet Independence Gear og sogndølen Tord Are Meisterplass.

Oslo/Sogndal: Selskapet Independence Gear frå Sogndal, mottek 370.000 kroner i stønad av Designdrevet Innovasjonsprogram (DIP), skriv DIP i ei pressemelding. 

– Å vektleggja brukarane sine behov for å fremja innovasjon, er viktig for omstillinga av norsk næringsliv. Det er ei rekke spanande prosjekt som no får stønad til å bruka design i innovasjonsprosessen, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H)

Knakk nakken

I 2015 knakk Meisterplass nakken i ei skiulukke og blei lam frå brystet og ned. Han var ikkje klar for å leve resten av livet med assisterte dobesøk kvar dag, og slik kom han opp med idéen som i dag blir kalla Dignum, heiter det i pressemeldinga. 

Dignum blei til for å løysa eit konkret brukarbehov, men no tek dei steget vidare og utvikla eit hygienisk multiverktøy som vil vera relevant til ei større brukargruppe.

Dei får no 370 000 kroner i innovasjonsmidler gjennom DIP for å jobba mykje tettare med brukerane under utviklinga.

DIP-programmet finansierast av Nærings- og fiskeridepartementet og vert leia av DOGA i samarbeid med Noregs forskningsråd og Innovasjon Noreg. Siden 2009 er det blitt delt ut om lag 70 millionar kroner til 147 prosjekt. Midlane skal sikra at prosjekta tuftast på designmetodikk og systematisk brukarmedverknad.

Til toppen