INTENST: I det som best kan skildrast som ein neglebitar av ein handballkamp, var det til slutt Sogndal som stakk av med ein svært viktig siger i toppen av 4. divisjon. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
INTENST: I det som best kan skildrast som ein neglebitar av ein handballkamp, var det til slutt Sogndal som stakk av med ein svært viktig siger i toppen av 4. divisjon. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Sogndal har ballen på sin halvdel i opprykkskampen

Jotun/Årdalstangen gjekk på sitt første tap for sesongen då dei møtte naborival og tabellnabo Sogndal søndag. No er det kvittrøyene som er ubesigra i 4. divisjon – og det har dei tenkt å fortsette med.

Jotun/Årdalstangen – Sogndal 14-16

Årdal: Det seier trenar Ole Kristian Gjerstad etter det han skildrar som ein krigekamp.

– Dette er kjempeviktig. No er det me som er ubesigra. Det er planen å vere ut resten av sesongen også. Dette var ein firepoengskamp, seier han til Porten.no.

Verken Sogndal eller Jotun/Årdalstangen hadde tapt så langt denne sesongen og delte i praksis tabelltopp sjølv om sogndølene hadde to kampar til gode. 

– Nøgd, men skuffa

Likevel var det dei svarte og kvite som såg på seg sjølv som favorittar, men søndag møtte dei knalltøff motstand i Jotun/Årdalstangen. Halvvegs i første omgang var det faktisk heimelaget som leia med tre mål. 

Artikkelen held fram under biletet.

SPELTE GODT: Jotun/Årdalstangen lot seg absolutt ikkje overkøyre i Årdalshallen. Her set Susanne Myrland inn éi av dei 14 scoringane til heimelaget. 
SPELTE GODT: Jotun/Årdalstangen lot seg absolutt ikkje overkøyre i Årdalshallen. Her set Susanne Myrland inn éi av dei 14 scoringane til heimelaget. 

– Eg meiner kampen er veldig bra gjennomført frå vår side. Dei fleste var klar over at Sogndal var det sterkaste laget, men det såg ikkje slik ut. Difor er eg eigentleg litt skuffa over resultatet fordi me spelte ein god kamp og kasta vekk eit par svært gode sjansar, seier heimelagets trenar Olafur Sveinsson.

Møtte tøff motstand

Sogndal åt etter kvart opp leiinga, tok ho tilbake og kunne gå til pause med ei leiing på eitt mål. Den leiinga var oppe i tre mål ved to høve i 2. omgang. Sjølv om vertane kjempa og kjempa, var det nok til at Sogndal kunne ta med seg to poeng over fjorden. 

– Me hadde forventa ein tøff kamp, men jentene har ein dårleg dag i angrep. 14 mål bakover er godkjent, men berre 16 scoringar framover har me ikkje vore i nærleiken av i år, seier Gjerstad, som trur spelarane hans vart litt sett ut av eit fysisk tøft heimelag. 

Artikkelen held fram under biletet.

VIKITIG: Sogndal-trenar Ole Kristian Gjerstad skildrar toppkampen som ein firepoengskamp, der siger var svært viktig. 
VIKITIG: Sogndal-trenar Ole Kristian Gjerstad skildrar toppkampen som ein firepoengskamp, der siger var svært viktig. 

– Du spelar ikkje betre enn motstandar tillet. Me har jobba i tre veker med å førebu oss til denne kampen, så me var godt budde på alle situasjonar i forsvar, men litt mindre i angrep. Det får me ta med oss og vere litt meir kyniske og taktiske i neste kamp, seier Sveinsson.

Gode rammer med fulle tribuner

Rammene var perfekte då dei to beste laga i 4. divisjon barka saman for første gong denne sesongen. Ein nærast fullstappa Årdalshall lagde mykje leven då dei to naboklubbane møttest søndag.

– Eg sa til jentene før kampen at «kor skjer det at me har ein stappfull hall i 4. divison? Jo, i Årdal, så vert stolte», seier Sveinsson. 

Kanskje sette høvet sitt preg på spelarane, for føre mål sleit begge laga med effektiviteten. Til pause stod det difor 9-8 til gjestane. 

Neglebitaroppgjer

Sjølv om det var heimelaget som fann nettmaskene først etter kvilen, var det Sogndal som etter kvart tok styringa. Før ti minuttar var spelt, var leiinga auka til tre, men Jotun/Årdalstangen beit seg fast. 

Artikkelen held fram under biletet.

TØFFE DUELLAR: Martine Låksrud Øyre deler ut juling.
TØFFE DUELLAR: Martine Låksrud Øyre deler ut juling.

Og dei slapp aldri taket. Sogndal slurva framover på bana og gjorde dette spennande. I kampens nest siste minutt reduserte heimelaget til 14-15, men med minuttet att kom ei ny Sogndal-scoring. Då var det ingen veg tilbake.

– Er de klare til å ta over handballtrona i Sogn?

– Forhåpentlegvis. Me ønskjer å rykke opp slik at det blir attraktivt å spele handball i Sogndal også, seier Gjerstad. 

No har dei iallfall sjansen. Vinn dei hengekampane, vil dei vere to poeng føre Jotun/Årdalstangen med ein langt betre målforskjell. Likevel, alt kan skje, og laga skal også møte kvarandre i Sogndal.

 

Til toppen