TOPP RYKTE: Ikkje nokon annan klubb i Eliteserien har betre omdøme enn Sogndal, i følge ferske tal frå Sponsor Insight.
TOPP RYKTE: Ikkje nokon annan klubb i Eliteserien har betre omdøme enn Sogndal, i følge ferske tal frå Sponsor Insight.

Sogndal har best omdøme i Eliteserien

Det er første gong at klubben toppar ei slik liste.

Sogndal: Kvar månad sender analyse- og rådgjevingsselskapet Sponsor Insight ut ein grundig mediarapport til klubbane i Eliteserien. Der blir mellom anna omdøme vurdert. I januar var Sogndal for første gong på topp basert på ei spørjeundersøking blant fotballinteresserte.

– Dette er me stolte av, seier omdømeleiar Rasmus Mo i Sogndal Fotball.

Les også: Sogndal hjelper Florø med toppfotballdebuten
Les også: Navarsete fekk Nikken-prisen

Han trur satsing over tid og eit engasjement som strekkjer seg utover fotballen er årsaka til det gode ryktet dei har fått.

– Det handlar om å byggja sterke relasjonar, tilhøyrigheit og stoltheit. Det er fleire enn klubben som blir stolte når me blir positivt omtala, seier omdømeleiar Rasmus Mo i Sogndal Fotball.

For han har Sogndal blitt ei merkevare, der fotballen berre er ei av ingrediensane.

– Eg trur fleire ser er at i Sogndal så er me større enn oss sjølve. Me er ein tilretteleggar for næringsliv, ein utviklar av teknologi, me står for samhandling på Campus. Totalen av det me leverer frå oss har blitt veldig sterk, seier Mo og trekkjer fram det nye innovasjonsbygget til femti millionar som eit døme.

Mo seier omdøme er noko klubben har satsa på over lengre tid.

– Me jobbar mykje med at me skal framstå lojale mot verdigrunnlaget vårt og visjonen vår når me framstår i media. Då blir me truverdige, seier han.

– Men me kan ikkje kvila. Dette er noko me må jobba med heile tida.

Til toppen