FEIRAR: Ingvild Høgi Berge, Gunvor Einevoll Fimrete, Johanna Witt og Karoline Holen kosar seg med is etter 13 års skulegang.
FEIRAR: Ingvild Høgi Berge, Gunvor Einevoll Fimrete, Johanna Witt og Karoline Holen kosar seg med is etter 13 års skulegang. (Foto: Linda Watten)

Sogndal har fått ein etterlengta isbar: – Dei har veldig mykje utval

Per Sverre Mo og Audhild Mo har opna isbar, kaffibar, og salatbar i Sogndal. Det set innbyggjarane pris på.

Sogndal: – Me er nettopp ferdige med eksamen og då måtte me rett ned her og feire med is, seier Johanna Witt. 

Ho og venninnene Ingvild Høgi Berge, Gunvor Einevoll Fimreite og Karoline Holen har nettopp gått ut av døra på Sogndal Vidaregåande Skule for aller siste gong etter eksamen i biologi og matte. 

Feirar at dei er ferdige på VGS 

– Me følte det gjekk bra, betre enn forventa. No ventar me på karakterane våre og då trengde me ein distraksjon så då blei det is, seier Karoline Holen. 

Dei andre jentene nikkar bekreftande med isen i handa. 

– Det er kanskje litt tidleg å feira før karakteren kjem, men me tek sjansen. Me er trossalt ferdige på vidaregåande skule, seier Witt.

Sunnare alternativ 

Den nye baren som sel både is, kaffi, salat og smoothies er eigd av Per Sverre Mo og Audhild Mo som òg driv Mix nede i sentrum. 

BLID: Audhild Mo trivest på isbaren i Sogndal. Foto: Linda Watten

– Me fann ut at sidan det ikkje var noko softis å få tak i her på senteret så ville me prøva til att her med dette konseptet, seier Audhild Mo. 

Isbaren ligg i lokalet som tidlegare var Narvesen.

– No tilbyr me ein del sunnare alternativ enn på ein vanleg kiosk. Det er ein del som kjem og kjøper smoothie for det er gjerne ikkje så lett å få tak i kringom, så det er populært, seier Mo. 

Mykje sol har auka salget på is

Dei varme somardagane den siste tida har gjort til at fyrste opningsmånaden har fått føter å gå på.

– Me har solgt veldig mykje is no når det har vore så varmt, seier ho. 

I tillegg til å satsa på eit sunt og friskt utval er dei i tillegg opptekne av å tilby lokale produkt i butikken sin.

Satsar på lokale produkt

– Me brukar lokalt og både lagar og sel Sognefjord Kaffi. I tillegg sel me Slurp som er eit friskt og naturleg alternativ til slush frå Lerum. Den blir laga her på fabrikken deira i Sogndal, seier Mo. 

Både ho og venninnegjengen er nøgde med å ha ein isbar og kaffibar midt i Sogndal sentrum. 

– Det er positivt for bygda og så har dei veldig mykje utval. Favorittisen min er mint, seier Gunvor Einevoll Fimreite.

Til toppen