NYTT TILBOD: Johanna Bayer og Samuel Mascetti styrer spakene på den nyopna kaffibaren på Fosshaugane Campus i Sogndal.
NYTT TILBOD: Johanna Bayer og Samuel Mascetti styrer spakene på den nyopna kaffibaren på Fosshaugane Campus i Sogndal. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Sogndal har fått sin første kaffibar

Eit nytt og etterlengta tilbod hadde offisiell opning på Fosshaugane Campus i dag. 

Sogndal: – Me er stolte, både fordi me får den første kaffibaren, men ikkje minst fordi studentane får eit nytt tilbod. Dette er noko dei har etterspurt i fleire år, seier Hugo Wikan, kjøkensjef i Saman, studentsamskipnaden på Vestlandet.

– FIN MØTEPLASS: Studentane Kristine Sofie Haslum og Emma Wolden Bersagel er glade for at dei no kan gjera skulearbeidet over ein nytrekt kaffikopp. Foto: Halvor Farsund Storvik

Den nye kaffibaren held til i første etasje på det nesten like nye Innovasjonsbygget på Fosshaugane Campus. I dag var det offisiell opning og det var travelt framfor diskane i dei første timane etterpå:

Studentane gler seg over ny møteplass

– Eg synst det er veldig bra, for no får me ein ny møteplass utanom kantina, der det ofte er veldig fullt, seier Kristine Sofie Haslum, ein av studentane som testa nyvinninga på opningsdagen.

– Eg synst kantina ofte har litt kjedeleg mat. Her kan du få ein foccacia, du kan møta folk og gjera skulearbeid over ein kopp kaffi, seier medstudent Emma Wolden Bersagel.

Dei to barristaane Johanna Bayer og Samuel Mascetti hadde sitt fulle hyre med å ta unna bestillingane tysdagen etter opninga. Dei har tru på at ein kaffibar er eit tilbod ein studiestad som treng.

– Det er veldig spanande. Eg har drive med kaffi i sju år og det har alltid vore ein draum å ha ein studentkafè. Det blir kjempebra, seier Bayer.

Spente, men har trua på suksess

Fleire tusen menneske går gjennom gangane på Fosshaugane Campus kvar dag. Tilbakemeldingane frå miljøet har òg vore positive, så slik sett skulle det meste ligga til rette for suksess. Likevel er det eit konsept som ikkje har blitt prøvd ut før i saftbygda.

– Me er på ukjent farvatn, så me er veldig spente. Me veit ikkje heilt i kva grad om me treff med tilbodet. Men me føler dette er noko som har vore etterspurt og er ganske sikre på at det er eit løft for studiestaden, seier Valeberg Høyheim i Saman.

– Me har òg mange andre næringslivsaktørar på Campus, som òg set pris på at dei no får eit nytt sosialt samlingspunkt på tvers av miljøa. Det er gjerne over kaffipraten at idèmyldringa skjer, seier kjøkensjef Wikan.

STOLTE: Kjøkensjef Hugo Wikan og Vigdis Valeberg Høyheim i Saman er stolte over å kunne presentera eit nytt kafètilbod til studentane i bygda. Foto: Halvor Farsund Storvik
Til toppen