KAMPSPORTGRÜNDER: På opningsdagen til treningssenteret søndag fekk gjestene sjå konkurransar og demonstrasjonar av ulike kampsportar. Foto: privat.
KAMPSPORTGRÜNDER: På opningsdagen til treningssenteret søndag fekk gjestene sjå konkurransar og demonstrasjonar av ulike kampsportar. Foto: privat.

Sogndal har fått sitt første trenings- og kampsportsenter

Fitness & Fight Club opna dørene for første gong i helga.

Sogndal: Søndagen vart markert med ope hus, masse aktivitetar og konkurransar heile dagen.  

– Det var sikkert meir enn hundre personar innom og vi fekk veldig gode tilbakemeldingar. Det var heilt fantastisk og ei veldig god kjensle. Det er ein draum eg har gått med lenge, seier Tiago Mendes, verdsmeister i kampsporten Muay Thai og ein av dei to som står bak nyopna Fitness & Fight Club i Sogndal.

OPEN DAG: Det nye treningssenteret samarbeider med alle kampsportgruppene i Sogndal.
OPEN DAG: Det nye treningssenteret samarbeider med alle kampsportgruppene i Sogndal.

Måndag hadde han og kompanjongen Stig Morten Hardeland sin første ordinære arbeidsdag. 

– Det kjennest bra. Det er enno mykje vi ikkje er vane med og mange nye rutinar å sette seg inn i. Men vi berre gler oss over å kunne jobbe med sport, seier han.

Les også: Dei satsar alle sparepengane på nytt treningstilbod i Sogndal

Førebels legg dei opp til å jobbe ved sidan av. Rekningane må betalast og dei første 2-3 månadane forventar dei blir tøffe.

– Akkurat no er det mange studentar som har eksamen og etter kvart skal dei heim på ferie. Men på ein måte er det bra, for då kan vi bruke tida framover til å få rutinane og dei siste tinga på plass. Før storinnrykket kjem, seier Mendes.

For sjølv om han forventar ein tøff start, har han klokketru på at prosjektet skal lukkast. 

– Eg er veldig spent, men ikkje nervøs. Eg har ei god kjensle på at det skal funke. Det skal det, for vi skal jobbe veldig hardt, seier han.

SATSAR ALT: Stig Morten Hardeland og Tiago Mendes har satsa alle sparepengane på at det nye treningssenteret skal slå an i Sogndal.
SATSAR ALT: Stig Morten Hardeland og Tiago Mendes har satsa alle sparepengane på at det nye treningssenteret skal slå an i Sogndal.
Til toppen