Sogndal: Sogndal melder på sine nettsider torsdag at klubben er blitt samde med Strømmen om ein overgang for Brændsrød. 22-åringen kan dra på seg Sogndal-trøya frå og med 1. august.
– Me er veldig glade for at Markus valde oss, fseiersportsleg leiar Håvard Flo til klubben si heimeside.
– Markus er ein spelar me har hatt eit auge på over lengre tid, då trenar i Strømmen Espen Olsen kom med klare anbefalingar om at dette er ein spelar som vil passa godt inn i vårt spelkonsept.
Mykje energi
Brændsrød kjem frå Tønsberg og har tidlegare spelt i klubbar som Slagen, Flint og Tønsberg før han i 2014 fekk sin Eliteserie-debut for Vålerenga. Han spelte faktisk mot Sogndal i kampen sogndølene vann 2-0 det året.
– Eg ser Markus som ein spelar med mykje energi, han er hurtig og kan dekka store rom, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke.