KLAR FOR SOGNDAL: Bendik Bye (26) skal spele Eliteserie-fotball neste år med Sogndal etter overgangen frå Levanger. Foto: Rune Sjøberg/Sogndal Fotball. 
KLAR FOR SOGNDAL: Bendik Bye (26) skal spele Eliteserie-fotball neste år med Sogndal etter overgangen frå Levanger. Foto: Rune Sjøberg/Sogndal Fotball. 

Sogndal har signert ny spiss

Sogndal Fotball har henta Bendik Bye (26) til Saftbygda. 

Sogndal: Klubben melder på si heimeside at dei har signert 26-åringen frå Steinkjer på ein to-årsavtale som strekk seg over åra 2017 og 2018.

– Me er særs glade for å ha signert Bendik Bye, då han er ein spelar me har hatt under lupen lenge, seier sportsleg leiar Håvard Flo, til klubben si heimeside.

Dei siste to åra har Bye spelt for Levanger, der han har scora i nesten annankvar kamp med 26 mål på 58 kampar. Før det tilbragte han fire år i Ranheim. 

Scora tre mot Sogndal for eit år sidan

Ifølgje Trønder-Avisa fekk Flo verkeleg augo opp for spissen då han scora tre mål mot Sogndal i serieavslutninga i 2015. 

– Bendik er ein spelar med eit godt steg, han er bevegeleg og har stor løpskraft. Såleis vil han passe veldig godt inn i vårt spelesystem, seier Flo, som seier dei jobba hardt for å få han til Sogn i sommar.

Bye kjem som Bosman-spelar.

Til toppen