TEK STEGET OPP: Adrian Solberg og Anders Johannessen Nord har fått A-lagskontrakt.
TEK STEGET OPP: Adrian Solberg og Anders Johannessen Nord har fått A-lagskontrakt. (Foto: Halvor Farsund Storvik/arkiv)

Sogndal har signert to lokale 19-åringar

Dei har imponert for juniorlaget til Sogndal. No får Adrian Solberg og Anders Nord sjansen til å etablera seg i vaksenfotballen.

Sogndal: Torsdag opplyser Sogndal Fotball at dei to lokale talenta har fått kontraktar som gjer dei til A-lagsspelarar.

–  Det er noko eg har drøymt om, og no er det opp til meg sjølv å visa et eg fortener dette, seier Adrian Solberg til klubben sine eigne nettsider.

– Det er veldig kjekt å få kontrakt med det laget eg har sett opp til fra eg var liten gut, seier Anders Nord.

Eitt steg opp

Dei har vunne NM og Skandinavisk meisterskap, og sørga for at Sogndal sikra sin første siger i Europa gjennom deltaking i UEFA Youth League. Imponerande merittar å ha med seg frå juniorfotballen, men langt frå nokon garanti for å lukkast i dei vaksne sine rekker.

– At dei no skal opp på A-laget som første års senior, gjer at dei må ta nye steg og opp nokre hakk i trening og i kamp. Dei må vera bevisste i kvardagen og gjera gode prioriteringar, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

– Gutane må vera dedikerte til det som no ventar, men dei må óg sleppa ned skuldrane og sleppa seg laus, vera seg sjølve, seier Nils Tore Krosshaug, trenar på Sogndal 2 og G19.

Jobb i Sogn

Sjå alle stillingar

Til toppen