HENTA UNGT TALENT: Sogndal Fotball har signert 15 år gamle Håvard Hetle til keepertroppen sin, her saman med sportsleg leiar Håvard Flo.
HENTA UNGT TALENT: Sogndal Fotball har signert 15 år gamle Håvard Hetle til keepertroppen sin, her saman med sportsleg leiar Håvard Flo. (Foto: Rune Sjøberg)

Sogndal henta 15-åring til keepergruppa

Håvard Hetle frå Breim hoppar inn i keepergruppa til Sogndal Fotball.

Sogndal: Sogndal Fotball har henta 15 år gamle Håvard Hetle til saftbygda. Den unge spelaren frå Breim debuterte for landslaget med G15-troppen mot Ungarn i oktober i fjor. 

Keepertalentet har hospitert Sogndal sitt A-lag og Sogndal 2 iløpet av året, skriv Sogndal Fotball på heimstaden sin fredag.

– Det er veldig kjekt at Håvard no blir ein permanent del av keepergruppa her. Han er ein veldig fin gut med gode haldningar, og han er komen godt inn i gjengen, skriv sportsleg leiar Håvard Flo på heimesida. 

På utlån

Den unge keeperen har spelt for Breim og Sandane, kor han no skal starta i tiande klasse på ungdomsskulen. Han har òg spelt fire landslagkampar. 

– Håvard viser stadig progresjon, og no var tida inne for at me inngår eit større samarbeid med tanke på hans vidare utvikling og treningskvardag, heiter det.

Sogndal Fotball opplyser at Hetle i haust går på utlån til Stryn.

Til toppen