NY SPELAR: Sogndal fotball har signert Axel Kryger frå Sandnes Ulf.
NY SPELAR: Sogndal fotball har signert Axel Kryger frå Sandnes Ulf. (Foto: Sogndal Fotball)

Sogndal henta ny forsvarsspelar frå Sandnes Ulf: - Gira til å bidra

Sogndal Fotball har signert Axel Kryger.

Sogndal: Sogndal Fotball har signert ei treårskontrakt med forsvarsspelaren frå Sandnes Ulf. Det melder klubben på sine nettsider tysdag

Kryger (22) har vore med klubben sidan han var seks år gamal, og har lagt bak seg heile 100 kampar frå A-laget til Sandnes Ulf. Til klubben seier han at han gler seg til å byrja i Sogndal. 

– Eg har alltid likt Sogndal, og trur at eg vil føla meg heime her fort. Eg trengte noko nytt no etter så mange år i Sandnes, og eg hadde veldig lyst til å reisa hit. Eg er veldig gira på å bidra her. 

Sportsleg leiar Håvard Flo beskriver Kryger som ein fotballklok spelar, som kan passa i fleire roller. 

– Axel er oppteken av å ta nye steg for å "pushe" karriera si. Me får inn ein spelar med ein veldig sterk dedikasjon til eigen utvikling, seier Flo.

Til toppen