NY MANN INN: Keeper Christian Kjetil Haug signerte i dag for Sogndal.
NY MANN INN: Keeper Christian Kjetil Haug signerte i dag for Sogndal. (Foto: Rune Sjøberg/Sogndal Fotball)

Sogndal hentar Man City-keeper

Har ambisjonar å ta opp kampen om plassen som førstekeeper allereie i år.

Sogndal: Han vart henta til akademiet til Manchester City som 16-åring. No flyttar Christian Kjetil Haug (19) til Sogndal på jakt etter førstelagsspel.

– Sogndal er ein fantastisk fin klubb å komma til, spesielt som ung spelar. Du veit du får tillit og blir satsa på, seier Haug i eit intervju på heimesida til Sogndal Fotball.

Vil danka ut Dyngeland

Der gjer han det klart at han allereie no kjenner seg klar til å ta opp kampen mot Mathias Dyngeland. Sistnemnde har vakta buret i 100 seniorkampar for Sogndal, 79 av dei i Eliteserien, og han har 6 kampar for U21-landslaget.

Samtidig vil Haug bli pusta i nakken av Kristian Rutlin (18), som er nøyaktig eitt år yngre, men minst like svolten på førstelagsspel.

– Eg har lyst til å prøva å ta plassen som førstekeeper, stå fast i Obos og klara å få Sogndal opp i Eliteserien, seier Haug om ambisjonane for sesongen.

Nyervervinga karakteriserer seg sjølv som ein uredd keeper, som liker å ha ballen i beina og vera ein del av spelet.

– Stort potensiale

Keepertalentet starta karriera i Kvik-Halden. I 2013 gjekk turen vidare til Sarpsborg 08, der han fekk tre kampar for andrelaget i tredjedivisjon i ein alder av 15 år. I 2014 vart han henta til Manchester City.

Bortsett frå fem kampar i FA Youth Cup for U18-laget, vart det avgrensa med speletid på den britiske fotballøya. Etter eit kort utlån til lågare divisjonar i spansk fotball i vinter, er Haug no klar for å få A-lagserfaring i Sogndal.

– Det er veldig kjekt at Kjetil kjem til oss. Me ser ein keeper med eit stort potensiale, og han er ein gut som passar godt inn i gjengen, seier sportsleg leiar Håvard Flo i ei pressemelding.

Til toppen