PÅ SPELARJAKT: På grunn av store skadeproblem i midtforsvaret er Sogndal no på hektisk spelarjakt. Foto: arkiv.
PÅ SPELARJAKT: På grunn av store skadeproblem i midtforsvaret er Sogndal no på hektisk spelarjakt. Foto: arkiv.

Sogndal hentar tidlegare landslagsstoppar

Kjetil Wæhler (41) og Espen Ness Lund (32) er på veg til Sogndal.

Sogndal: Det melder fleire media i dag, etter at begge spelarane var med på dagens trening på Fosshaugane.

Overgangsvindauget er stengt, så Sogndal treng dispensasjon frå fotballforbundet for at overgangane skal bli godkjende. Etter at det i 2015 vart innført unnatak for kontraktslause spelarar, bør det ikkje vere hinder i dette tilfellet.

Ifølgje TV2 har begge signert for klubben og papirarbeidet er unnagjort. Det er enno ikkje offisielt stadfesta, men som VG har registrert står dei allereie oppført som sogndalspelarar på fotball.no, nettsida til NFF. 

Sogndal har begge sine to faste midtstopparar, Bjørn Inge Utvik og Cristophe Psychè ute med langtidsskadar. To av alternativa i forsvaret, Walid Atta og Kristinn Jònsson, har begge til gode å debutere, det òg på grunn av skadeproblem. På toppen av det heile vart debutant Ulrik Fredriksen (17) utvist sist runde og må stå over neste kamp. 

Porten.no har prøvd å kontakte både trenar Eirik Bakke og sportssjef Håvard Flo, men begge har skrudd av telefonen.

Kjetil Wæhler la opp som fotballspelar i fjor. Før det rakk han mellom anna 225 kampar i eliteserien og 32 landskampar for Norge. Han har òg fleire sesongar bak seg i utlandet for klubbar som Wimbledon, AaB og IFK Göteborg.

Espen Næss Lund var med å rykke opp med Kristiansund i fjor, men sleit ein del med skadar og fekk ikkje tilbod om ny kontrakt. Han har tidlegare spelt for Sogndal i to periodar, i 2011 og 2013.

Til toppen