NY MANN INN: Sportssjef Håvard Flo stadfester at Sogndal har sikra seg si fjerde signering sidan sesongslutt. Foto: Sogndal Fotball.
NY MANN INN: Sportssjef Håvard Flo stadfester at Sogndal har sikra seg si fjerde signering sidan sesongslutt. Foto: Sogndal Fotball.

Sogndal hentar tre spelarar

Sogndal stadfestar at dei har sikra seg signaturen til midstoppar Per Magnus Steiring (19) og Tarjei Aase Omenås (24). I tillegg stadfestar Fana at Tomas Totland har signert for sogndølene.

Sogndal: Det har vore ein effektiv dag på Fosshaugane Campus fredag med intet mindre enn tre spelarar inn døra.

Først kom meldinga om stopparen Steiring hadde signert frå Rosenborg.

– Per Magnus er ein moderne midtstoppartype. Han har god fysikk, er rask, og han er god med ballen, seier sportsleg leiar Håvard Flo til klubbens heimeside.

Ikkje lenger etter fulgte dei opp med at keeper Omenås også var klar. I same slengen melde Fana at Tomas Totland hadde signert for sogndølene.

– Moderne stoppar

Steiring vart henta frå Fauske/Sprint til Rosenborg i 2013. Eliteseriedebuten fekk han i først i fjor,  då på lån til Viking i siste halvdelen av sesongen. Låneopphaldet vart ikkje heilt som forventa, det vart med den eine kampen frå start og to innhopp.

I Rosenborg har han berre vore i startellevaren éin gong: i 1. runde av cupen i fjor. No har han signert for Sogndal ut sesongen 2019.

– Me er veldig glade for å få Per Magnus til oss. Han er ein ung og lovande midtstoppar, som gjennom si tid i Rosenborg-systemet har gjort verdifulle erfaringar, seier Flo.

19-åringen frå Fauske i Nordland har fleire kampar å vise til for aldersbestemte landslag.

Hentar keeper og ungt talent

Når det gjeld keeper Omenås, kjem han frå Strømmen IF. Opprinneleg er han frå Ålesund, og no skal han spele i Sogndal-drakt ut 2017. 

Tidlegare har keeperen spelt i Lyn, der han fekk sin debut i Eliteserien i 2009 som 17-åring. Han har også vore innom Skeid og Hønefoss. 

For Totland sin del, har han vore på fleire referanseopphald i Sogndal dei siste månadane og tydelegvis imponert. Han går dermed i fotspora til Stian og Mathias Dyngeland og Lars Christian Kjemhus som alle har tatt stega i Fana.

 

Til toppen