TETT SAMARBEID: Held sistnemnde oppe framgangen kan Sogndal og Florø fort bli konkurrentar på bana. Men utanfor den grøne grasmatta samarbeider dei to klubbane tett. Tysdag var representantar frå klubbane samla for å diskutere tema som økonomi, marknadsarbeid, arrangement og spelarkontraktar. Foto: Florø Fotball.
TETT SAMARBEID: Held sistnemnde oppe framgangen kan Sogndal og Florø fort bli konkurrentar på bana. Men utanfor den grøne grasmatta samarbeider dei to klubbane tett. Tysdag var representantar frå klubbane samla for å diskutere tema som økonomi, marknadsarbeid, arrangement og spelarkontraktar. Foto: Florø Fotball.

Sogndal hjelper Florø med toppfotballdebuten

– Me har eit ansvar som storebror og me er frå same fylket. Viss det er noko me kan brukast til, så er det sjølvsagt at me tek den rolla, seier Egil Mundal i Sogndal Fotball.

Sogndal: Sidan cupfinalen i 1976 og dei påfølgande opprykka har Sogndal høyrt heime i norsk toppfotball. I fjor tok Florø steget opp i førstedivisjon, eit tilvære som stiller heilt nye krav både på og utanfor bana.

– Det er det største løftet ein klubb i norsk fotball kan gjera. Steget frå andre til førstedivisjon er meget krevjande, seier Egil Mundal, dagleg leiar i Sogndal Fotball. 

Les også: Sogndal slo veslebror i Sognahallen

Tirsdag var han og sportssjef Håvard Flo i Florø for å hjelpe til i førebuingane til debutsesongen i førstedivisjon. For det er mykje som må på plass.

– Ein lisensdivisjon stiller formelle krav til spelarkontraktar, stadionfasilitetar og alt rundt arrangement av kampane. Du kan godt prøva å setja tæring etter næring, men kostnadane kjem og du er pukka nøydd til å få inn inntektene. Det er tungt for ein klubb som har basert seg hundre prosent på frivilligheit. Men eg er imponert over måten Florø har takla det på. Dei har tenkt mange gode tankar, seier Mundal.

– Kvifor ønskjer de å hjelpe?

– Det er mange grunnar. Me har eit ansvar som storebror og me er frå same fylket. Viss det er noko me kan brukast til, så er det sjølvsagt at me tek den rolla. Det er viktig for utviklinga av fotballen i regionen at me har to klubbar i dei to øvste divisjonane, seier Mundal. 

– I norsk fotball er me generelt flinke til å hjelpa kvarandre dei 363 av året me ikkje møter kvarandre i kamp, sjølv om me spelar i same divisjon. Og så er det nyttig for oss òg, å få inspirasjon av dei tankane dei har gjort seg, seier Mundal.

– Korleis trur du dei greier seg?

– Det sportslege har ikkje eg kompetanse til å uttale meg om, men eg trur dei skal bita godt i frå seg. Det sportslege er den eine halvdelen av utfordringa, det økonomiske er den andre. Der er dei heilt avhengige av at samfunnet rundt tek stafettpinnen. Alle verksemder av ein viss storleik er nøydde til å bidra dersom dei ønskjer å setja Florø på kartet veke ut og veke inn, seier Mundal.

Til toppen