BOK: Karin Vikane overrekte statsminister Erna Solberg boka "Opplev Sognefjorden - ein reiseguide til Noregs hjarte" 

Sogndal Høgre bad statsministeren vera riksveg 52-vennleg​

I sin tale under statsministerbesøket bad Sogndal Høgre om at Erna Solberg heva blikket når valet av stamveg skal gjerast. Dei bad også regjeringa følgja opp når det kjem til samanslåing med nabokommunane.

Sogndal: – Tusen takk for at du er med på opninga av Høgskulen på Vestlandet, ein viktig dag for Sogndal, regionen og heile Sogn og Fjordane. Sogndal Høgre vil samtidig takka for god bistand i samband med bygging og oppstart av ny Loftesnesbru.

Slik starta Sogndal Høgre ved gruppeleiar Karin Vikane sin tale til statsministeren. Men etter skryt, venta eit lite stikk:

– Eg veit hjarta ditt er i Bergen, men eg håpar du hevar blikket og har vilje til å finna den beste løysinga for ein eventuell ny Vestlandsregion. Eg tenkjer på val av trasé 2 som riksveg 52 Hemsedal. Spør du sjåførane knytt til bedrifta her på Lerum AS vil du få eit einstemmig svar, til liks med resten av transportnæringa. 

Les også: Ber statsministeren gjera Rv 52 Hemsedalsfjellet til hovudsamband

Bad om at storting og regjering følgjer Fylkesmannen si tilråding

Deretter dreia talen over på kommunereform:

– Me i Sogndal ynskjer å tilpassa oss ny kommunereform. Utfordringa vår er at nabokommunene vil ikkje vera i lag med oss.

Les også: Desse kommunane vil ho slå saman

I denne saka la ikkje Sogndal Høgre skjul på at dei er svært samanslåingsviljuge:

– I går ga Fylkesmann i Sogn og Fjordane ei forsterka tilråding om samanslåing av kommunane Sogndal, Leikanger og Balestrand,og ho oppmoda Luster, nok ein gong, om å kople seg på samanslåinga. Eg ber om at regjering og storting føl den forsterka tilrådinga frå Fylkesmann i Sogn og Fjordane.

Avslutningsvis overrekte Vikane boka "Opplev Sognefjorden - ein reiseguide til Noregs hjarte", skriven av Ingrid Loftesnes med foto av Finn Loftesnes, begge frå Sogndal.

– Sjølvsagt ikkje utan baktanke. Me håpar du kjem att til Sogndal og Sogn, gjerne med familien din. Ei ny reise til Noregs hjarte, velkommen igjen!

Til toppen