UT MED SKADE: Det blei ikkje mange kampar på Kjetil Wæhler før han måtte ut med skade att.
UT MED SKADE: Det blei ikkje mange kampar på Kjetil Wæhler før han måtte ut med skade att. (Foto: Youri van der Werve)

Sogndal i krise etter nytt poengtap

Sogndal kan ende utanfor kvalifiseringsplassane etter dagens tap mot Ullensaker/Kisa.

Ullensaker/Kisa - Sogndal 2-0

Mot Ull/Kisa klarte ikkje Sogndal å skapa det som skulle til for å komma tilbake i form. I staden måtte dei reisa heim utan poeng. For Eirik Bakke og laget hans, tyder det på at det kan bli ein tøff kamp å komma seg opp att i Eliteserien.

Det var ein jamnspelt kamp heilt til Ull/Kisa klarte å skåra etter ein fantastisk kontring. Hjørnesparket til Sogndal på andre sida av bana blei klarert unna av Ull/Kisa. Langklareringa sørga for at ballen nærma seg Sogndal-målet fort, og for Normann Hansen var det null problem å legga ballen bak Dyngeland i mål.

Wæhler ut med skade

Vidare i første omgang får både Sogndal og Ull/Kisa moglegheiter til å skåra, men det var nok heimelaget som var nærast, med to angrep som endte i stolpen.

Rett før pause opplevde Sogndal det som alle var redd for skulle skje: Ei skada Kjetil Wæhler måtte ut etter førti minutt, og Bakke flytta Ulrik Fredriksen tilbake til gamleplassen sin bakerst i rekkja.

Bakke: – Me må spela betre

– Me må spela betre for å vinna kampen, i det heile tatt ta med oss poeng heim, var kommentaren til Eirik Bakke til Eurosport i pausen.

Etter pausen blei spelet likevel ikkje noko betre. Det var derimot Ull/Kisa som tok tak og prøvde å sikre seg tre poeng på heimebane. Dette klarte dei å gjera då Dyngeland feilberekna eit frispark frå Truls Jørstad, som enda fint i høgre kryss.

Den siste delen av kampan handla eigentleg ikkje lenger om fotball, men kven som kunne bli mest sinte på kvarandre. Spelarane frå begge laga enda i tottane på kvarandre meir enn dei rørte ballen, og dommar Magnus Nicolai Koløy ga fleire kort som kunne ha blitt unngått.

Kan ende utanfor kvalifiseringsplassen

Etter dagens tap kan Sogndal i verste fall ende utanfor kvalifiseringsplassane om dei andre laga vinn sine kampar som blir spelt seinare i dag. For Eirik Bakke ser det ut som at laget er i ei krise, då dei hittil denne sesongen berre har vunne to av sju seriekampar og ikkje er i nærleiken av plasseringa dei hadde ynskja å vera før sesongen starta. 

Til toppen