STOLPESKOT: Jotun sin spelande trenar kastar ein susar av eit skot rett i stolpen, eit av Jotun sine ni uheldige stolpeskot i fyrste omgangen.
STOLPESKOT: Jotun sin spelande trenar kastar ein susar av eit skot rett i stolpen, eit av Jotun sine ni uheldige stolpeskot i fyrste omgangen. (Bilde: Snorre Sandemose)

Sogndal leia til pause, men Jotun slo tilbake og vann 27-19

Jotun låg bak Sogndal med to mål gjennom mest heile fyrste omgangen, men andre omgangen starta forrykande for årdølene, som på ein blunk kom fem mål framom rivalen

Jotun/Årdalstangen-Sogndal: 27-19

— Me har so mykje rutine, so eg er ikkje overraska over at me vann, seier spelande trenar Lene Høsøien.

Etter ein kamp der årdølene måtte slite hardt for å greia nettopp det. 

JOTUN SI TEKNISKE LEIIING: Jotun sin spelande trenar og spelande visetrenar, etter sigeren. F.v. Lene Høsøien og Heiða Arsenault. 
JOTUN SI TEKNISKE LEIIING: Jotun sin spelande trenar og spelande visetrenar, etter sigeren. F.v. Lene Høsøien og Heiða Arsenault.  Foto:  Snorre Sandemose

Men ho var overraska, overraska over det høge nivået til bortelaget Sogndal.  

Dei var flinke til å setja skota sine og var endå betre enn eg hadde trudd, sjølv om eg veit at dei òg har forsterka laget sitt i år. Dei jobba svært godt i fyrste omgang, seier Høsøien. 

Sogndaltrenar Ole Kristian Gjerstad synest det er moro å høyra at motstandartrenaren var imponert over laget hans, men legg til at dei sjølve veit kor gode dei er.

— Me visste at Jotun kom til å vera veldig gode i år, med ei rekkje spelarar med bakgrunn frå eliten. Dei kan handball. Vårt lag er mykje yngre og vantar den rutinen.

SKUFFA: Sjølv om Sogndal imponerte stort mot Jotun-profilane, vedgjekk Gjerstad at han var skuffa over at Sogndal ikkje makta å halde på leiinga frå fyrste omgangen. 
SKUFFA: Sjølv om Sogndal imponerte stort mot Jotun-profilane, vedgjekk Gjerstad at han var skuffa over at Sogndal ikkje makta å halde på leiinga frå fyrste omgangen.  Foto:  Snorre Sandemose

Rutine vart avgjerande faktor

Gjerstad trur nettopp rutinen vart særleg avgjerande i andre omgangen:

Det var der det glapp, på rutinen. Då det gjekk varmt i topploket hjå spelarane i andre omgangen, så gjorde dei ikkje dei beste vurderingane.

Tidleg i andre omgang måtte Sogndal-jentene ty til ufine metodar for å halda unna. Det førte til fleire utvisingar. I ein periode var bortelaget nede i berre fire utespelarar.

— Det var i den perioden me kom under med mange mål, seier Gjerstad. 

Også Jotun sin spelande trenar trur rutine vart ein avgjerande faktor: 

TIMEOUT: Etter at Årdal hadde utlikna til 7-7 bad Sogndal-trenaren om timeout. Stutt tid etter gjekk Sogndal igjen raskt opp i ei tomålsleiing, ei leiing dei heldt på heilt til sluttminutta av fyrste omgang.
TIMEOUT: Etter at Årdal hadde utlikna til 7-7 bad Sogndal-trenaren om timeout. Stutt tid etter gjekk Sogndal igjen raskt opp i ei tomålsleiing, ei leiing dei heldt på heilt til sluttminutta av fyrste omgang. Foto:  Snorre Sandemose

— I andre omgangen, når alle var litt meir slitne, slo vår rutine inn. Me bestemte oss i garderoben for at me skulle skru opp intensiteten nokre hakk i andre omgang. Og Sogndal-spelarane gjorde fleire feil i andre omgangen då dei var slitne, seier Høsøien. 

Jotun lét seg ikkje stresse då dei låg bakpå

Høsøien og visetrenaren, Heiða Arsenault, seier dei ikkje tenkte på resultatet undervegs.

Dei visste godt at kampen kom til å vara i ein time. 

Det er ikkje nokon vits i å stressa, seier Høsøien

Arsenault orsaka seg so med at årets forsterka utgåve av jotunlaget ikkje har fått trent so mykje meir enn ein månad saman enno. Trenar Høsøien meiner derimot at den svake førsteomgangen ikkje berre kan forklarast med dèt:

STRAFFEREDNING: Jotun-keeperen reddar eit straffeskot mot slutten av fyrste omgangen. Båe laga sine keeperar hadde gode strafferedningar under kampen.
STRAFFEREDNING: Jotun-keeperen reddar eit straffeskot mot slutten av fyrste omgangen. Båe laga sine keeperar hadde gode strafferedningar under kampen. Foto:  Snorre Sandemose

— Vi tok for lett på Sogndal i dag og det er eg litt forbanna over, seier ho.

— Men var ikkje Sogndal veldig effektive? Også i fyrste omgangen såg det jo ut som om de pressa på mot målet til Sogndal mesteparten av tida?

Jau, Sogndal var veldig effektive og nesten alle åtaka deira vart til mål i fyrste omgangen. Samstundes hadde ma ni stolpeskot i same omgangen, seier Høsøien. 

Optimistisk sogndaltrenar

— Sjølv om det var skuffande å tape i dag, so er eg veldig nøgd med fyrste omgangen, seier Gjerstad.

Han trur resultatet kunne ha vorte heilt annleis om dei hadde unngått kollapsen dei fyrste ti minutta etter pausen. Likevel vedgår han at Jotun vann fortent.

Han er optimistisk med tanke på den vidare sesongen:

— Me har ein stor og god stall. Me har meir breidde i stallen enn Jotun.

Til toppen