KREV HEILE GÅVA: Laura Kvamme (Sp) og resten av politikarane i formannskapet i Sogndal ber Statens vegvesen om å få behalde heile pengegåva dei fekk etter at bomstasjonen på Fjærlandsvegen vart lagt ned. Statens vegvesen har brukt opp halvparten. Foto: arkiv. 
KREV HEILE GÅVA: Laura Kvamme (Sp) og resten av politikarane i formannskapet i Sogndal ber Statens vegvesen om å få behalde heile pengegåva dei fekk etter at bomstasjonen på Fjærlandsvegen vart lagt ned. Statens vegvesen har brukt opp halvparten. Foto: arkiv. 

Sogndal i millionkrangel med Vegvesenet

Statens vegvesen har brukt to millionar som opphavleg vart gitt i gåve til Sogndal kommune.

Fjærland: I samband med nedlegginga av bomstasjonen i Fjærland gav Samferdsledepartementet i 2010 fem millionar kroner til eit nytt kryss og bru over Storelvi, ei bru som etter mange års jobbing til slutt ikkje vart noko av. Èin million vart brukt til å planlegge brua, så då skulle det vere fire millionar att.

Problemet er berre at Statens vegvesen har brukt opp halvparten, noko Sogndal kommune ikkje er heilt nøgd med. No ber politikarane Vegvesenet om å få heile summen.

– Vi vil seie frå at vi meiner dette ikkje er riktig, men er sjølvsagt glade for at vi har fått stadfesta at vi står fritt til å bruke dei to millionane som står att, seier Laura Kvamme i Sogndal Senterparti.

Les også: Beste sesong på 20 år for museum
Les også: Ny klatrepark opna i Fjærland

Politikarane ønskjer å bruke pengane til å fikse opp krysset frå riksvegen og ned til Mundal sentrum. To ekstra millionar ville ha utgjort ein stor forskjell.

– Desse pengane hadde ikkje Vegvesenet hatt viss ikkje den gåva frå samferdsleministeren hadde komt, seier Kvamme. 

Torun Torheim, seksjonsleiar for plan- og forvaltning, seier Vegvesenet gjekk tilbake til den opprinnelege kryssløysinga då brua vart skrinlagt, mellom anna etter innvendingar frå NVE.

– Eg forstår Sogndal kommune sin frustrasjon, men det er blitt brukt mykje pengar i området av Vegvesenet og dei har blitt brukt i tråd med løyvinga frå samferdsledepartementet, seier ho.

Ho seier at dei har god dialog med kommunen og håpar at dei kjem vidare i saka slik at kommunen får brukt den resterande summen til noko fornuftig.

– Det har gått sju år snart, så det er vi alle interesserte i, seier Torheim.

Til toppen