VINNARAR: G13 frå Sogndal IL var nøgde med å kunne ta med seg pokalen heim.
VINNARAR: G13 frå Sogndal IL var nøgde med å kunne ta med seg pokalen heim. (Foto: Tom Wergeland.)

Sogndal IL G13 vann Maxiturneringen i Hamar: – Ekte vinnarglede

Denne helga gjorde gutelaget 13 til Sogndal IL reint bord på turnering i Hamar, og kunne ta med seg vinnarpokalen heim.

Sogndal: Maxiturneringen går av staben i Hamar og har fleire tusen spelarar frå klubbar i heile landet.  

Denne helga var Sogndal IL Fotball på turneringa, og der gjorde G13-laget reint bord. 

– Dei tok skalpen på lag som Ranheim, Hamkam og Storhamar på vegen mot finalen, seier lagleiar, Tommy Harjo.

Kjempa seg til topps

– Dei gjorde ein kjempeinnsats skryt hovudtrenar, Joar Ølmheim, etter at laget er kome heim frå Hamar. 

Dette var andre gongen dei deltok på Maxiturneringen.

– Dei har bra bane, og ein bra tilrettelagt turnering. Ungane likte den godt, difor ville me reisa dit i år òg.

I fjor gjekk dei ikkje til topps, men denne helga kjempa dei seg vidare frå kamp til kamp, og enda opp med å vinna det heile.

Tok att mot Ranheim

– Me reiste fredagskveld og hadde fyrste kamp på morgonen laurdag. Frå før veit me at dei slit litt med morgonkampar, så me måtte ha oss ein alvorsprat etter den, seier trenaren og ler. 

Etter det gjekk det berre oppover med gutelaget.

– Det som var litt artig var at dei spelte mot Ranheim som sendte Sogndal ned i Obos-ligaen i fjor. Å vinna mot dei gav motivasjon. 

Me tenkte at me måtte ta att mot Ranheim, og det gjorde laget.

Joar Ølmheim

Det var vinn eller forsvinn

Han fortel at det var mykje kjemping i kampane, men at laget spelte på seg sjølvtillit, og la ned ein god innsats heile vegen.

– I kvartfinalen blei det uavgjort så då enda det med straffe. Det vann me, og det trur eg var ekstra stas for fleire av gutane som ikkje hadde vore med på det før. 

Han legg ikkje skjul på at det blei litt ekstra tenning ute på bana når det stod om pokalen. 

– Det var vinn eller forsvinn og då blir det litt sånn. Me møtte Storhamar 2 i finalen, som dei tapte mot i fjor. Laget vafr robuste og sterke fysiske, så den einaste måten å slå dei på var å møta dei på same lest, seier trenaren. 

Vinnarglede frå hjarta

Og etter mange kampar, og trøytte, såre føter så lukkast gutelaget med akkurat det.

– Dei drog seieren i land, 1-0. All hønnør til gutane, og så fantastisk moro på deira vegne. 

Ølmheim og dei andre trenarane var stolte og glade etter seieren.

– Eg trur ikkje eg har sett laget så glade før på ei fotballbane. Det var tydeleg veldig kjekt for dei å vinna, og vinnargleda kom frå hjarta, seier han.

Til toppen