SPONSORAVTALEN VERT UNDERTEIKNA: Sponsoravtalen mellom Sogndal IL og Luster Sparebank vert ført i pennen av sjefen for Luster Sparebank og den fungerande leiaren i Sogndal IL. Avtalen vart signert like etter at kvinnelaget til Sogndal just hadde vunne stort mot  Gloppen 2 i Sogndalshallen.
SPONSORAVTALEN VERT UNDERTEIKNA: Sponsoravtalen mellom Sogndal IL og Luster Sparebank vert ført i pennen av sjefen for Luster Sparebank og den fungerande leiaren i Sogndal IL. Avtalen vart signert like etter at kvinnelaget til Sogndal just hadde vunne stort mot Gloppen 2 i Sogndalshallen. (Bilde: Rita Orrestad, Sogndal IL)

Dette pennestrøket er verd 1,2 millionar for idrettslaget i Sogndal

Signerte ny fireårsavtale med hovudsponsoren.

Sogndal: Luster Sparebank skal frå og med 2018 og fram til og med 2021 støtta Sogndal IL med minimum 300 000 kroner i året. Det gjer den nye sponsoravtalen meir lukrativ for idrettslaget enn den førre fireårsavtalen. 

I tillegg stiller sparebanken ein pott på ytterlegare 300 000 kroner til rådvelde for den same tidsperioden, ein pott idrettslaget kan søkja banken om midlar frå til ekstraordinære arrangement og liknande. 

– Me håpar at avtalen vil gje positive ringverknader for båe partar. Sogndal IL femner over heile 17 ulike idrettsgreiner, det er framifrå, og me er stolte over å sponsa dei, seier Oddstein Haugen til Porten.no.

Dei siste åra har handballen i Sogndal utvikla seg til å verta eit av flaggskipa innan idrettslaget, saman med klatring, taekwondo og turn, som òg er i vinden. 

For å få litt ekstra blest kring den nye avtalen, valde idrettslaget å iscenesetja kontraktssigneringa i tidsrommet mellom to handballkampar, kvinnene og herrane sine respektive heimekampar laurdag.

– Handballen er litt meir publikumsidrett enn mange av dei andre idrettsgreinene i idrettslaget. So då var det fint å signera avtalen i tidsrommet mellom dei to A-lags- handballkampane, for det er kjekt å visa fram at me har gjort ein god avtale når det er mange til stades, seier Schøyen.

 
 
 
 
 
 
 
 
Til toppen