DRAMA: Eventyret til Sogndal i Youth League stoppa onsdag, trass 3-1 siger mot Sheriff.
DRAMA: Eventyret til Sogndal i Youth League stoppa onsdag, trass 3-1 siger mot Sheriff. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Marginar - og ein kynisk motstandar - hindra avansement

Dei gjorde eit meistersleg forsøk. Til slutt var det berre eitt mål som skilde Sogndal frå avansement i Youth League.

Sogndal-FC Sheriff: 3-1 (3-3 samanlagt, Sheriff vidare på bortemål)

Utgangspunktet var at Sogndal måtte vinna med tre mål eller meir, eller satsa på 2-0 og straffekonk, for å gå vidare. Motstandar i andre runde av Youth League var moldovske Sheriff, som vann 2-0 heime i starten av månaden.

Ikkje mange minutta hadde passert før alle på Fosshaugane hadde skjønt planen til motstandarlaget. Det var å spela på kontringar, vera kyniske og hala ut tida når dei fekk sjansen.

Sjå fleire bilete nedst i saka.

JUBEL: Sivert Mannsverk jublar etter å ha sendt Sogndal i føringa 2-0 mot Sheriff. Foto: Halvor Farsund Storvik

Jubel etter kvarteret

Før heimelaget rakk å bli ordentleg frustrerte låg den første ballen i målet bak bortekeeper Mihail Cioban. Mathias Sundberg fekk ballen ute på kanten, og lobba ballen i ei vakker bue inn i lengste krysset.

Heimelaget dominerte det meste av spelet, medan bortelaget stort sett var farlege langs høgrekanten.

1-0: Mathias Sundberg sende Sogndal i føringa med ein frekk lobb. Foto:  Halvor Farsund Storvik

Halvtimen var spelt då det på ny tok fyr på Fosshaugane. Kaptein Sivert Mannsverk raga høgast i feltet, og stanga ballen i mål frå 11 meter. 

Like langt

I andreomgang var det igjen Sogndal som dominerte, men gjestene var slett ikkje ufarlege. Då timen var spelt måtte keeper Håvard Hetle til pers då ein motspelar kom åleine mot mål.

Etter sekstifem minutt skjedde det som ikkje skulle skje. Sheriff kom seg rundt på kanten, og på bakerste stolpe dukka Evgenij Ojehovschii opp og styrte ballen i mål. Bortemålet gjorde at Sogndal igjen måtte ha to mål for å avansera.

Eitt minutt seinare tok Mathias Sundberg ein frekk tunnel i feltet, før han vart felt i forsøket på å dribla nestemann. Adrian Solberg var novemberkald frå krittmerket, og Sogndal hadde fått nytt håp med tjue minutt att på klokka. Like etter fekk derimot same mann sitt andre gule og marsjordre etter at det oppstod tumultar mellom dei to laga.

Jaga siste målet

Sjølv med éin mann mindre heldt Sogndal fram å pressa. Sheriff fekk likevel litt meir pusterom enn tidlegare i kampen.

Fem minutt før slutt vart Eivind Helgesen spelt fri i boksen, men vinkelen vart for spiss då han skulle avslutta. Fleire sjansar vart det ikkje på tampen.

Sluttminutta vart øydelagde av stadige provokasjonar frå gjestene, og eit heimelag som ikkje greidde å lata vera å bita på. Sogndal gjorde eitt meisterlag forsøk, men dei siste marginane, og litt ekstra ro då det kokte på slutten, var det som hindra avansement.

1-0: Mathias Sundberg sende Sogndal i føringa med ein frekk lobb. (Foto:  Halvor Farsund Storvik)
JUBEL: Sivert Mannsverk jublar etter å ha sendt Sogndal i føringa 2-0 mot Sheriff. (Foto: Halvor Farsund Storvik)
DRAMA: Eventyret til Sogndal i Youth League stoppa onsdag, trass 3-1 siger mot Sheriff. (Foto: Halvor Farsund Storvik)
DRAMA: Eventyret til Sogndal i Youth League stoppa onsdag, trass 3-1 siger mot Sheriff. ( Foto:  Halvor Farsund Storvik)

Til toppen