I SKOTET: Joachim Soltvedt har hatt ein god sesongstart for Sogndal. Her mot Notodden i april.
I SKOTET: Joachim Soltvedt har hatt ein god sesongstart for Sogndal. Her mot Notodden i april. (Bilde: Arkiv)

Slutt på Sogndal si sigersrekke

Sogndal held på 2.plassen, men det er slutt på sigersrekka.

Sogndal - Jerv: 0-0.

Cornarar og keeper-mat prega kampen som endte i uavgjort på Fosshaugane, sundag. Den tredje uavgjorte kampen mellom dei to laga. 

I 14. runde i OBOS-ligaen tok Sogndal imot Grimstad-gutane, som igjen stogga Sogndal si sigersrekke. I 2015 møttes laga to gonger, 0-0 på Levermyr, og 1-1 på Fosshaugane. 

Sogndal held på 2.plassen, men det vart ikkje den sjette strake sigeren for heimelaget. 

0-0 etter ein jamn 1.omgang 

Sogndal-Jerv: 0-0

Turnering: OBOS-ligaen
Dommar: Daniel Higraff
Arena: Fosshaugane Campus, Sogndal

Gule kort, Sogndal: Stanisa Mandic (73), Per-Magnus Steiring (95). 

Gule kort, Jerv: Martin Hoel Andersen (95).

Cornarar, Sogndal: 9

Cornarar, Jerv: 7

Mål: 0

Sogndal:

1. Mathias Lønne Dyngeland (k)

2. Akeem Latifu

3. Per-Magnus Steiring

4. Kjetil Wæhler

14. Ole Martin Rindarøy

7. Eirik Schulze

8. Eirik Birkelund

24. Sixten Jensen

10. Stanisa Mandic, (Soltvedt, 78)

18. Sigurd Haugen

22. Lars Christian Kjemhus (Fredriksen, 72)

Trass seks cornarar for Sogndal, var det ein noko tam start på førsteomgangen på Fosshaugane.

Sjølv om heimelaget starta best, glapp dei litt halvvegs og karane frå Grimstad fekk ein fot å stå på. Sogndal hadde likevel mest sjansar.

Ti minuttar før pause hadde Mandic ein god sjanse, med eit legg ut frå linja, kor han sikta på Haugen som berre venta på å setja ballen i mål, men vert stogga av Glenn Andersen, og ballen gjekk ut til corner.

Latifu med ein god sjanse med skot frå kanten av sekstenmeteren, men ballen gjekk utanfor. Minuttar etter høgde Haugen til frå 20 meteren, men traff rett på Øvretveit. 

Rotete 2.omgang

Spelarane verka å ha vakna i pausen. Det var kvikkare lag å sjå på bana i andreomgang.

Jerv kravde straffe etter Haugen gjekk ned i boksen, vanskeleg å seie om det skulle ha vore det eller ikkje. Birkelund med stygg takling av Jerv-spelar Lidberg. Ein kan undra om det burde ha vore eit gult kort der. Dommaren lot spelet halde fram.

Meir keeper-mat frå Mandic, som trass eit knallhardt skot, treff rett på Øvretveit. Jerv følgjer opp med ein god sjanse då Lidberg etter corner frå Wichmann, er åleine i feltet, men headar over.

Etter 72 minuttar er Sogndal fyrst ut med bytte; Ulrik Fredriksen inn for Kjemhus. Joachim Soltvedt inn for Mandic, med ti minuttar igjen. 

Dramatikk i sluttminuttane 

Det vart lagt til fem minuttar på Fosshaugane. Gule kort, eitt til kvart lag, markerte slutten av kampen. 

Sogndal trakka på gasspedalen i sluttminuttane, med sjansar frå innbyttar Soltvedt med eit skot som susa gjennom heile feltet, men ingen i kvitt reagerte fort nok. Endå ein ball rett i armane på Øvretveit, denne gongen frå Schulze. 

Litt rabalder i feltet enda i frispark til Jerv, som i 95. minutt sette inn eit siste håp. Luke Ferreira inn for Hoel Andersen.

Men det endte i uavgjort atter ein gong, mellom laga. 

Til toppen