VESLEBROR HAR BLITT VAKSEN: Dei siste tjue åra har Sogndal og Brann vore like gode i innbyrdes oppgjer i serien. I morgon har Sogndal difor sjansen til å stikke frå den historiske storebroren i vest. Foto: arkiv.
VESLEBROR HAR BLITT VAKSEN: Dei siste tjue åra har Sogndal og Brann vore like gode i innbyrdes oppgjer i serien. I morgon har Sogndal difor sjansen til å stikke frå den historiske storebroren i vest. Foto: arkiv.

Sogndal kan gå forbi storebror

Som om ikkje kampen i morgon betydde nok: Her er statistikken som set ein ekstra spiss på vestlandsderbyet. 

Sogndal: Dei siste tjuetre oppgjera har laga følgt kvarandre som skuggar. Sogndal og Brann har vunne elleve gongar kvar, medan berre èin kamp har enda uavgjort. 

HÅPAR PÅ SIGER: Trenar Eirik Bakke er ikkje den som er mest oppteken av statistikk. Men han har ikkje noko i mot heimeiger mot Brann i morgon.
HÅPAR PÅ SIGER: Trenar Eirik Bakke er ikkje den som er mest oppteken av statistikk. Men han har ikkje noko i mot heimeiger mot Brann i morgon.

I flomlyset på Fosshaugane Campus i morgon skal det dermed avgjerast kven av vestlandsrivalane som har vore best dei siste tjue åra, vel og merke i innbyrdes oppgjer.

– Eg veit ikkje kor mykje eg skal leggja vekt på ein slik statistikk, men eg håpar no det er vi som står att med tolv sigrar etter den kampen her. Når me ikkje kan koma over dei på tabellen, så får med slå dei på noko, seier trenar Eirik Bakke med eit breitt glis.

Nederst kan du sjå tabellen som viser alle gongane Sogndal og Brann har møtt kvarandre i serien.

Les også: Går mot ny publikumsrekord​
Les også: Sogndal i rute til historisk prestasjon

Historisk snuoperasjon

Dei to laga møttest første gong i serien i 1980, i det som den gongen vart kalla 2. divisjon. Brann vann begge kampane det året. Frå 1980 til 1994 var dei det klart beste laget med seks sigrar, to uavgjort og to tap mot veslebroren i Sogn. Første gong Sogndal slo Brann var i 1988.

RIK HISTORIE: Bortefansen til Brann skapar alltid stor stemning når dei tek turen til Fosshaugane. Men dei har sjelda fått betalt for oppmøtet i form av poeng.
RIK HISTORIE: Bortefansen til Brann skapar alltid stor stemning når dei tek turen til Fosshaugane. Men dei har sjelda fått betalt for oppmøtet i form av poeng.

Men etter det magiske fotballåret 1994 har styrkeforholdet jamna seg ut. Rett nok kan Brann vise til både cupgull og alle valørar i serien. Men i innbyrdes oppgjer mot Sogndal er statistikken heilt identisk.

Les også: Dei var kameratar i oppveksten, no står dei saman på sidelinja
Les også: Slik skal Sogndal takle medgangen

Eirik Bakke har spelt for både Brann og Sogndal og veit kor mykje oppgjera betyr, spesielt for den historiske veslebroren.

– Brannkampane lever sitt eige liv, uavhengig av tabellen. Det er meir enn tre poeng det handlar om. Alle veit kva historie desse oppgjera har, seier han. 

Heimebana har vore eit fort for begge laga

Heile nitten av dei tjuetre siste oppgjera har enda med heimesiger. Sist gong Sogndal tapte heime mot Brann var i 2002. Sidan har det blitt seks sigrar og èin uavgjort.

Faktisk har bergensarane berre vunne tre seriekampar på Fosshaugane. Dei to andre var i 1980 og i 1994.

Det lover godt før morgondagens batalje. 

– Me har hatt eit godt tak på Brann på Fosshaugane og dei har hatt eit godt tak på oss på Stadion. Så me får håpe at den statistikken held fram i morgon, seier Bakke.

VIKTIG BRIKKE: Eirik Birkelund har spelt seg til fast plass for Sogndal etter overgangen frå Brann. Han held dei gamle lagkameratane for favorittar i morgondagens oppgjer.
VIKTIG BRIKKE: Eirik Birkelund har spelt seg til fast plass for Sogndal etter overgangen frå Brann. Han held dei gamle lagkameratane for favorittar i morgondagens oppgjer.

Furebotn har trua

Også spelarane er optimistar. Men dei veit dei må prestere opp mot maks skal dei tukte eit brannlag som har overraska alle denne sesongen.

– Når dei ligg på sølvplass og har prestert slik dei har gjort denne sesongen, så må vi kunne seie at dei kjem som favorittar. Men det skal vere vanskeleg å komme til Fosshaugane og vi skal verkeleg gje dei god fight om poenga, seier Eirik Birkelund, som sjølv var med å hjelpe bergenserane til opprykk i fjor.

GOD STATISTIKK: Henrik Furebotn har aldri opplevd å tape poeng mot Brann på Fosshaugane.
GOD STATISTIKK: Henrik Furebotn har aldri opplevd å tape poeng mot Brann på Fosshaugane.

– Eg trur ikkje dei likar så godt å komme her, i allefall ikkje om hausten når det er litt kaldt, kanskje litt regn i lufta og bra trykk på tribunene, seier Henrik Furebotn.  

Årdølen kan sjølv skryte av perfekt statistikk mot Brann på Fosshaugane. Rett nok vart det med to heimekampar i den første sogndalperioden, men dei enda begge med siger.

– Det er ikkje så mykje Bakke treng å seie til oss før den kampen her, for vi kjem til å vere temmeleg gira heile gjengen, seier han.

Her er alle seriekampane dei to har spelt mot kvarandre

År Sogndal-Brann Brann-Sogndal
1980* 0-1 2-0
1988 2-0 1-0
1989 2-2 1-0
1991 2-1 0-0
1992 1-1 2-2
1994 2-4 4-0
1997 1-0 4-1
1998 2-1 4-0
2001 4-3 2-1
2002 2-3 2-3
2003 2-0 6-1
2004 3-1 2-1
2011 1-0 2-0
2012 2-0 5-0
2013 3-1 1-0
2014 2-1 2-1
2015* 0-0 0-4
2016 ?-? 2-0

* I 1980 og 2015 møttest dei to laga på nest øvste nivå. (Kjelder: altomfotball.no, brann.no, fotball.no, transfermarkt.de)

Til toppen