Sogndal-Strømsgodset: 1-1
Med ein djup 4-5-1 formasjon la Sogndal opp til at gjestane frå Drammen skulle få dominere banespelet. Etter mange baklengs dei siste kampane var all merksemd på den defensive organiseringa. Det gav eitt poeng, men òg ei til tider søvndyssande førestilling på Fosshaugane Campus i kveld.
– Me møter eit veldig bra Godset-lag og det er berre ein liten månad sidan me tapte 0-5 mot dei, så dette var eit par steg fram, seier kaptein Henrik Furebotn.
Les også: Bakke før Godset: – Me har noko å revansjera
Ny Ramsland-scoring gav redusering
Første sjansen kom allereie etter fem minutt, men skotet frå Jradi vart stoppa av tverren. Knappe ti minutt var same mann på farten. Denne gongen suste langskotet utagbart forbi keeper Dyngeland.
Store delar av omgangen vart Sogndal jagande etter ballen, utan at gjestane frå Drammen skapte det heilt store.

– Me visste at Godset likar å trille ball og då er det ikkje noko vits for oss å springe som nokre hovudlause høns og jaga etter. Då kunne me heller å ligga og venta på dei. Eg synst me lukkast bra med kampplanen vår, seier Furebotn.
Etter halvtimen var Martin Ramsland på ein sjeldan løpetur i bakrommet til Godset. Sterk i kroppen greidde han å halde forsvarsspelaren unna og aleine med keeper sette han ballen i mål. Det var truleg det første skotet Sogndal hadde på mål i kampen.
Starten av andreomgang var fullstendig utan hendingar då Bassel Jradi fekk sjansen på frispark etter eit kvarter. Den sette han i tverrliggaren, medan returen gjekk rett på keeper Dyngeland frå få meter.
– Blir litt kaos og panikk
I denne perioden vart Sogndal trykt skikkeleg tilbake i bana. Det gav mange sjansar til å kontre, men dei vart rota vekk gong på gong. Ikkje at gjestane var stort betre: sjølv om dei eigde banespelet greidde dei knapt å skape noko som helst.
Furebotn er einig i at dei kunne tatt betre vare på kontringane.
– Når me spelar slik som me gjer og det går så lang tid mellom kvar gong me har ballen, så er me frykteleg slitne når me først får han. Det blir litt kaos og panikk, seier han.
Drøye ti minutt var att å spele då Sogndal fekk den første sjansen i omgangen. Eirik Skaasheim kom stormande på ein overlapp, innlegget fann innbyttar Lars Christian Kjemhus, men vingen fekk verken trykk eller presisjon i skotet.

Bye kasta innpå i jakta på siger
Eit par minutt seinare kom Godset og Francisco Junior til skot frå ni-ti meter, men Dyngeland vart kjapt nede og blokkerte.
Med fem minutt att vart Bendik Bye kasta innpå og Sogndal spelte med to spissar for første gong i kampen. På overtid fekk målsniken ein sjanse frå distanse, men skotet vart fista ut til hjørnespark.
Det var det siste som skjedde i kampen som dermed ebba ut til 1-1 etter ein heller søvndyssande affære.
– No har me berre trent på denne formasjonen i to-tre dagar. Det var det defensive som var det viktige i dag, så får resten koma seinare, seier Furebotn.