KAMP: Sogndal spelte uavgjort mot Kristiansund søndag.
KAMP: Sogndal spelte uavgjort mot Kristiansund søndag.

Sogndal kapra med seg eitt poeng heim 

Sogndal spelte uavgjort mot Kristiansund på bortebane søndag. 

Kristiansund – Sogndal: 1-1

Søndag spelte Sogndal mot Kristiansund på bortebane. Kampen enda uavgjort, og dermed kunne Sogndal ta med seg eitt poeng heim.

Lite skjedde dei første 36 minutta, før kampens første mål på Kristiansund stadion kom. Jean Alassane Mendy snappa eit dårleg tilbakespill frå Sogndal og kom aleina med keeper inne i 16-meteren. Han vippa ballen over keeper før han satt den i mål, og dermed leia Kristiansund 1-0 over Sogndal til pause.

I andre omgang utlikna Eirik Schulze for Sogndal. Schulze mottar ballen frå Birkelund, før han forserer forbi eit par mann og skyter. Han skyt hard og godt plassert frå over 20 meter til høgre for keeperen.

Denne utlikninga var viktig for Sogndal, og kampen enda med dette uavgjort.

Til toppen