GÅR VIDARE: Kaptein og keeper Mathias Dyngeland takkar for seg etter sju år i Sogndal. Han er klar for å gå vidare.
GÅR VIDARE: Kaptein og keeper Mathias Dyngeland takkar for seg etter sju år i Sogndal. Han er klar for å gå vidare. (Foto: Arkiv)

Sogndal-kapteinen takka for seg

Laurdag spelte Mathias Dyngeland sin siste kamp for Sogndal fotball.

Sogndal: Etter kampen mot Kongsvinger på Gjemselund takka kapteinen for seg etter sju år i Sogndal. 

Keepertalentet er no klar for å gå vidare i karriera si. Han er klar for svenske Elfsborg, men overgangen er ikkje i boks enno, skriv Sogn Avis, som først melde om saka.

– Eg har ikkje skrive under. Det ser ut som at det blir ein klubb utanfor Noreg, så får me sjå i desember kvar det blir. Eg er muntleg samd med Elfsborg, men snakkar med andre klubbar óg. Det blir sunt for meg å prøva noko nytt, sa Dyngeland til avisa. 

Nederlandsk erstattar

ERSTATTAR: Nederlandske Renze Jagger Fij (27) skal overta som keeper for Sogndal etter Dyngeland sluttar. Foto: Sogndal Fotball

Tidlegare i november vart det klart at Sogndal har funne erstattaren til Dyngeland, nemleg nederlandske Renze Jagger Fij (27). 

Fij kjem frå Nest-Sotra. I 2018 spelte han for Florø.

– Det er ein sympatisk kar som kjem til å setja eit positivt preg i garderoben og me er sikre på at han vil fortsetja den fine utviklinga si når han kjem til oss, sa sportsleg leiar Håvard Flo i ei pressemelding på heimesida til Sogndal Fotball, då.

Jobb i Sogn

Sjå alle stillingar

Til toppen