I BOKS: Reiss Greenidge og Håvard Flo signerer overgangspapira. Bileta er henta frå Instagram-kontoen til Greenidge sin agent.
I BOKS: Reiss Greenidge og Håvard Flo signerer overgangspapira. Bileta er henta frå Instagram-kontoen til Greenidge sin agent. (Bilde: Saif Rubie/Instagram)

Sogndal kjøper engelsk stopparkjempe

Klubblause Reiss Greenidge (20) har signert ein toårs-kontrakt med Sogndal Fotball.

Sogndal: Greenidge er ein venstrebeint stoppar som har gått gradene engelsk fotball gjennom akademiet til Arsenal og sidan ungdomslaga til West Bromwich. I januar i fjor gjekk han gratis til Ebbsfleet United på nivå fem i engelsk fotball.

No blir Sogndal og eliteserien neste stoppestad.

– Greenidge er ein spennande spelar, som eg vonar vil passa godt inn i spelargruppa vår. No byrjar jobben for han med å kjempe seg til ein fast plass på laget, seier sportsleg leiar Håvard Flo til Sogn Avis, som var først ute med å omtale overgangen.

Til Porten.no seier Flo at ungguten har ekstreme kvalitetar som frista dei til å hente han.

– Han er ein røsleg kar, 195 centimeter høg, har veldig god fart og er venstrebeint. Når han har det i botn, så blir det spanande å sjå korleis vi kan hjelpe han til å utvikle seg vidare.

Sportssjefen er ikkje uroa over at stopparen det siste året har spelt kampar langt nede i det engelske seriesystemet.

– Det er eit trangt nålauge der borte, som ikkje alltid er enkelt å komme gjennom. Slik har det kanskje vore for Reiss, seier Flo, som òg trur nivå fem i England er tøffare enn kva det kan høyrest ut i norsk målestokk. 

Greenidge dukka opp på radaren til klubben for to-tre veker sidan, då engelskmannen var på prøvespel i Viking. 

– Dei var i ferd med å signere han. Når vi valde å satse på han, var han klar og tydeleg på at det var til oss han ville, seier Flo.

Nysigneringa er ekstra velkomen med tanke på stopparkrisa i klubben, som i vår vart løyst ved å hente dei to fotballpensjonistane Kjetil Wæhler og Espen Næss Lund. Sistnemnde har reist tilbake til lærarjobben i Kristiansund, medan Wæhler er i tankeboksen på om knea toler å fullføre haustsesongen.

Slik sett kompenserer ikkje signeringa av ein 20-åring mangelen på rutinen i dei bakre rekkene. Sportssjef Flo seier dei framleis ikkje har gitt opp å hente Even Hovland tilbake til bygda.

– Alle veit at vi har jobba med han i lang tid, så får vi sjå kva resultatet blir. Vi treng ein referansestoppar, som kan gjere jobben frå dag èin. Der har vi fleire casar vi jobbar med for augneblinken, seier Flo.

Til toppen