FORVENTAR KRIG: Lokaloppgjeret mellom Jotun og Sogndal i helga vert av det historiske slaget. Med tap står årdalsjentene i fare for å miste handballtrona i Sogn til utfordrarane i Sogndal.
FORVENTAR KRIG: Lokaloppgjeret mellom Jotun og Sogndal i helga vert av det historiske slaget. Med tap står årdalsjentene i fare for å miste handballtrona i Sogn til utfordrarane i Sogndal.

Sogndal klare til å ta over trona i kvinnehandballen

Jotun har vore flaggskipet for kvinnehandballen i fylket, no vil Sogndal ta over hegemoniet i Sogn. Før oppgjeret i helga reknar dei seg sjølve som favorittar.

Sogndal: Du må leite godt i historiebøkene for å finne sist laga spelte mot kvarandre i serien, til det har Jotun vore for suverene. Men i helga møtest Jotun og Sogndal, to lag som har til gode å tape til no i sesongen. 

– Eg forventar siger, enkelt og greitt, seier strekspelar på Sogndal, Sølvi Skartun Tuftene.

Les også: Sogndalstrenaren: – Bra Årdal har fått lag med spelarar frå bygda

– Vi har mykje meir kontroll

Det bombastiske svaret er basert på grundig studering av tabellen. 

– Sjølv om Jotun ligg på topp, så har vi to kampar mindre spelt og likevel scora meir enn dei. Eg føler vi har mykje meir kontroll i kampane våre enn Jotun har hatt, seier Skartun Tuftene.

Og sånn for ordens skuld legg ho til:

– Kampen skal spelast, så vi tek ikkje noko for gitt før vi har spelt to gongar tredve.

OPTIMIST: Trenar Ole Kristian Gjerstad har tru på at laget skal greie å rykke opp denne sesongen. Først må dei vinne over rivalen Jotun.
OPTIMIST: Trenar Ole Kristian Gjerstad har tru på at laget skal greie å rykke opp denne sesongen. Først må dei vinne over rivalen Jotun.

Mål om opprykk

Trenar Ole Kristian Gjerstad er ikkje like sikker på siger, i allefall ikkje utad. 

– Vi har ikkje møtt dei enno, men eg forventar at det blir krig. Etter fire år i Sogndal har eg skjønt at krig blir det alltid mellom Jotun og Sogndal. Det er moro når vi er i same divisjon at vi kan kjempe saman i toppen, seier han.

Handballen i Sogndal har fått eit løft dei siste åra, med god rekruttering av spelarar. Men at førstelaget og andrelaget spelar i same divisjon er neppe optimalt.

– Vi har eit sterkt lag med mange gode lokale spelarar, samtidig som vi har fått inn studentar frå Høgskulen. Ambisjonane om å rykke opp lever godt enno, seier Gjerstad.

Til toppen