SATSAR STORT: Sogndal klatresenter byggjer ut for ti millionar. Her legg leiar Jarle Kalland fram dei utvida planane.
SATSAR STORT: Sogndal klatresenter byggjer ut for ti millionar. Her legg leiar Jarle Kalland fram dei utvida planane. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Sogndal klatresenter tredoblar arealet på den planlagde boltreplassen

Store planar har blitt enno større for utbygginga i Sognahallen. Klatrarane i Sogndal er full av lovord om storsatsinga.

Sogndal: Torsdag kveld presenterte Sogndal klatresenter dei oppgraderte planane for utbygginga i Sognahallen. Planane er tre gongar større enn dei som vart offentleggjorte i mai og vil kosta rundt ti millionar kroner.

Eit nytt buldrerom, fleire klatreveggar og eit eige barnerom, skal gje meir kapasitet og betre forutsetningar for det veksande miljøet til å utøva sporten. 

TO ETASJAR: Klatresenteret vil koma som eit tilbygg til Sognahallen over to etasjar. Barnerom nede og buldring for vaksne oppe. Foto: Illustrasjon/Sogndal klatresenter

– Dette blir kjempestort, konstanterer Jarle Kalland, leiar for klatresenteret.

– Fantastisk

I fjor var det 22.000 besøkande i klatreveggen og talet har vakse kvart år sidan starten. No er kapasiteten på dei mest brukte areala sprengt. Då utvidingsplanane vart lagde fram på Dampskipkaia fredag var rommet fullt av forventningsfulle framtidige brukarar.

– Det høyrest veldig lovande ut. Så lenge det blir større og litt meir profesjonelt, så blir eg happy, seier Joakim Matre, student og ivrig klatrar.

Han får støtte av kompisen.

– Eg synst det er fantastisk. Veldig flott at det blir så mykje større og at dei får plass til ungane på ein så fin måte. Det har kanskje vore litt irritasjon i klatreveggen av og til, på grunn av fotballen, ungar, bagar som flyt, og så vidare. Det ser ut til at dei har funne ei ordning på. Det kjem til å utgjera ein stor forskjell, seier Magnus Mæland.

Leiar Jarle Kalland er glad for at klatresenteret engasjerer.

POSITIVE: Dei to studentane Joakim Matre og Magnus Mæland likte det dei fekk sjå då planane vart lagde fram. Foto: Halvor Farsund Storvik

– Klatresenteret vil bety mykje for alle som bur her lokalt. Med eit større anlegg så vil me kunna legga om drifta litt, slik at det heile tida blir nye ruter og me vil få meir moderne grep og utforming på veggane enn me har i dag, seier han.

Dette er planane:

Inne i Sognahallen vurderer dei å oppgradera heile buldreområdet etter internasjonale konkurransestandardar. Det som er garantert er at det vil koma ein ny kursvegg og ein speedvegg. Den siste er bygd med tanke på at klatring blir OL-grein frå 2020.

– Skal me ha OL-deltakarar frå Sogndal, så må me ha ein godkjent vegg å trena på, seier Kalland, halvt på spøk, halvt på alvor.

Men den verkeleg store tilveksten er eit tilbygg i to etasjar. Nede i første blir det eit barnerom, med glasfasadar og nytt inngangsparti.

– Me satsar knallhardt på å legga til rette for ungar og rommet skal ha ei spesiell utforming som passar dei, seier Kalland.

Derifrå blir det vindeltrapp opp til andreetasjen, der det kjem eit stort buldreanlegg. Dette skal vera retta mot hobbyklatrarar, med fargerike grep og intuitive ruter.

Målet er å ha alt klart til Sognahallen feirar 20-årsjubileum i september.

– No er me kome så langt at me er i gang med ein anbodsrunde for tilbygget til Sognahallen. Eg håpar at det kan gå så raskt som råd, slik at me rekk å bli ferdige til september. Det er ambisjonen, seier Kalland.

Til toppen