Sogndal: Styret i Nortind har vedteke å etablera ein ny fjellfagskule i Åndalsnes i Rauma kommune, melder Åndalsnes Avis. Valet stod mellom Åndalsnes, Hemsedal og Sogndal.
– Etter ein heilskapleg og lang vurderingsprosess var det eit fleirtall i eit fulltallig styre for éin kandidat, skriv styret i ein e-post til avisa.
Dei skriv at valet ikkje var enkelt, og takkar kandidatane som ikkje nådde opp for støtta.
Høgskulen, politikarar, lokale tindevegleiarar og aktørar reiselivet er blant dei lokale aktørane i Sogndal som har engasjert seg i saka.