VM-KLAR: Ulrik Fredriksen var med å tetta igjen forsvaret då Norge slo England 3-0 og sikra billetten til U20-VM. Her er han på eit aldri så lite raid framover på bana.
VM-KLAR: Ulrik Fredriksen var med å tetta igjen forsvaret då Norge slo England 3-0 og sikra billetten til U20-VM. Her er han på eit aldri så lite raid framover på bana. (Foto: Juha Harju/Lehtikuva/NTB scanpix)

For eitt år sidan stod han utan landskampar – no skal han til VM

Ulrik Fredriksen fekk sin første landskamp som 18-åring. No, under eitt år seinare, er han klar for U20-VM.

Norge G19 - England G19: 3-0

– Me meiner sjølve at me er eitt av dei beste landslaga i Europa, og det får me enno ei stadfesting på i dag, seier Ulrik Fredriksen (19).

Sogndal Fotball-talentet spelte heile kampen då Norge torsdag kvalifiserte seg til U20-VM for første gang på 26 år. England vart slått heile 3-0 i playoff-kampen i Finland.

– Det er heilt nydeleg. Her var det berre åtte lag med, no blir det full pakke og 24 lag i Polen neste år, seier Fredriksen

Han får gratulasjonar frå trenar Eirik Bakke heime i Sogndal.

SEIN BLOMSTRING: Ulrik Fredriksen debuterte på landslaget mot Austerrike i august fjor. Foto: Thomas Brekke Sæteren

– Det er fantastisk moro for han og for landslaget. Å slå ut ein nasjon som England er imponerande. Men det er ingenting som overraskar meg med han, det er ein fantastisk gut som tek nivå etter nivå, seier Bakke.

Kometkarriere

Forsvararen fekk sin aller første landskamp som 18-åring då han debuterte mot Austerrike i august i fjor. Under eitt år seinare er han altså VM-klar. 

– Han er eit godt eksempel på ein spelar som har måtta ta den tunge vegen. Han viser at det er fullt mogleg å blomstra seint, men den guten har spelt mykje fotball opp gjennom og ofra mykje for å koma dit han er, seier Bakke.

Sjølv har Fredriksen alltid hatt mål om å koma på landslaget, og mista aldri trua sjølv om det tok si tid før han greidde det. 

– Historia viser at det finst mange vegar til målet, seier han.  

(Artikkelen held fram under biletet)

KOMET: Fredriksen starta 2017-sesongen på andrelaget, men enda opp med å spela nærast fast i Eliteserien.  Foto: Youri van der Werve

Rundspelte regjerande meister England

Norge er eitt av berre seks europeiske lag som skal spela VM-turneringa neste år. Polen får plass som vertsnasjon, medan Portugal, Italia, Ukraina og Frankrike har kvalifisert seg ved å nå semifinalen i EM som no blir spelt i Sveits. 

Norge og England kom på tredjeplass i sine respektive EM-grupper, og måtte ut i playoff. Der måtte Norge greia seg utan sitt sterkaste kort, nemleg stjerneskotet Erling Braut Håland. Han hadde blitt kalla heim for å spela e-cup med Molde.

Likevel enda laget med å rundspela dei regjerande VM-meistrane frå England.

– Eg synst me hadde full kontroll. Dei skapar ingenting, medan me burde ha leia til pause, og kunne ha skåra fire-fem til når me først tok leiinga, seier Fredriksen.

FULL JUBEL: Slik såg det ut då G19-landslaget sikra EM-billetten i fjor.

Håpar å tangera lagkameraten i Sogndal

Då laget i fjor sikra plass i EM var stemninga i garderoben etterpå heilt hinsides. Skottland hadde blitt senka 5-4 etter tre (!) mål dei siste ti minutta. Denne gongen sat òg måla langt inne, likevel var det ein meir fatta gjeng som feira i garderoben etterpå. 

– Det var mest ei lette. Me hadde som mål å komma til semien og bli automatisk kvalifiserte, men måtte ta denne omvegen, seier Fredriksen.

Sjølv om det er ti månader fram, kvir ikkje han seg for å ha høge ambisjonar før neste års U20-VM i Polen.

– Me går ikkje inn for å tapa. Målet mitt er å vinna heile driten, slik Mandic gjorde i 2015. Når Serbia klarte det, då kan me òg, seier han, òg siktar til lagkamerat Stanisa Mandic, som attpåtil skåra i finalesigeren mot Brasil for tre år sidan.

– Du har med andre ord litt å leva opp til?

– Ja, eg får prøva å tangera han, så blir det bra, seier Fredriksen.

Til toppen