FÅR KRITIKK: Opposisjonen i Sogndal er kritisk til at dei ikkje vart informert før ordføraren klaga inn Sogn Avis til PFU på vegner av kommunen.
FÅR KRITIKK: Opposisjonen i Sogndal er kritisk til at dei ikkje vart informert før ordføraren klaga inn Sogn Avis til PFU på vegner av kommunen. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Sogndal kommune betalte advokat 106.750 for å skriva PFU-klage: – Flautt

Ordføraren såg det tenleg å henta juridisk kompetanse og seier omsynet til dei tilsette vog tungt då dei valde å klaga. Opposisjonen derimot meiner det er hårreisande å leiga inn konsulentar for «å ta» lokalavisa.

Sogndal: I sommar klaga Sogndal kommune Sogn Avis inn for PFU. Porten.no har dokumentasjon som viser at advokat Jon Wessel-Aas har fakturert minst 106.750 kroner for arbeidet med å skriva han. Wessel-Aas er ein av dei mest kjende medierettsadvokatane i landet.

Ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll, seier han ikkje kjenner sluttsummen. Difor vil han ikkje svara på i kva grad dette er god ressursbruk.

– Kvifor skreiv de ikkje klagen sjølve?

– Me fann det tenleg å gjera det på denne måten fordi dette er juridiske vurderingar og då valde me å bruka den kompetansen, seier Aarvoll.

Opposisjonen har vore sterkt kritisk til at PFU-klagen.

IKKJE NÅDIG: Arne Glenn Flåten (H) tykkjer det er flautt at kommunen klagde lokalavisa inn for PFU.
IKKJE NÅDIG: Arne Glenn Flåten (H) tykkjer det er flautt at kommunen klagde lokalavisa inn for PFU. Bilde: Halvor Farsund Storvik

– Hårreisande og flautt

Ikkje minst er dei kritiske til at politikarane i kommunestyret ikkje fekk vita noko på førehand.

– Så lenge han opptrer på vegner av kommunen, så opptrer han på vegner av meg. Det vil eg ha meg fråbedt, seier Arne Glenn Flåten (H).

Det er ikkje nødvendigvis summen han reagerer på.

– Men å leiga inn konsulentar for å ta Sogn Avis, det tykkjer eg er hårreisande. Eg tykkjer det er flautt, seier Flåten.

– Klart dei kunne ha skrive klagen sjølve, men dei burde ha late heile greia vera.

Òg Rita Navarsete i Frp meiner klagen aldri skulle ha vore sendt. 

– Viss du ser møtet i PFU der klagen vart handsama, så får Sogn Avis skryt for god journalistikk og vinn fram på alle punkt, så nær som eitt. Og det punktet kan vel òg diskuterast. Eg er glad for dekkinga Sogn Avis har hatt av denne saka, seier ho.

Omsynet til tilsette vog tungt då dei klaga

Ordføraren seier at «det ligg i myndet til ordføraren og rådmannen» når me spør kven som bestemte å senda inn klagen til PFU og å hyra inn advokat til å skriva han.

Han seier omsynet til dei tilsette var ein viktig grunn til at dei valde å klaga.

– Me har òg eit arbeidsgjevaransvar. Her er det skuldingar om at ein har juksa og triksa med tal. Det er så alvorleg at me ikkje kan la det stå uimotsagt. Når du jobbar i Sogndal kommune skal du kjenna deg trygg på at du ikkje skal bli utsett for grunnlause påstandar, utan høve til å seia dei imot, seier ordføraren og viser til påstanden frå redaktør Jan Inge Fardal om at kommunen har manipulert statistikk om avvik i barnevernet.

For ordens skuld, denne påstanden stod i kommentaren som vart PFU-felt, men var ikkje årsak til fellinga. Kommunen har nemleg tidlegare fått høve til å avvisa påstanden i avisa. Redaktøren er ikkje nødt til å kjøpa avvisinga og treng heller ikkje be om tilsvar kvar gong påstanden blir teken opp att, konkluderte PFU.

Felt var derimot overskrifta «Skyhøge avvik i ein nasjonal samanheng», som redaktøren i tilsvaret til klagen innrømte å ikkje ha dekning for.

Redaktøren seier feilen kunne vore retta gratis og eit halvt år før

Etter fellinga sa Fardal til Porten.no at han hadde retta opp feilen dagen etter om kommunen hadde sagt ifrå.

– I staden venta dei eit halvt år og brukte 100.000 kroner på noko dei altså kunne fått gratis, sa Fardal då.

Då det vart forhandla mellom avisa og kommunen i sommar skal redaktøren ha fremma dette tilbodet minst èin gong. Så kvifor takka ikkje kommunen ja til dette?

– Det er ukjent for meg. Me var i forhandlingar for å sjå om me kunne komma saman til ei felles forståing. Når me ikkje gjorde det, så gjekk klagen. Me har følgt dei naturlege spelereglane, seier Aarvoll.   

– Kvifor informerte de ikkje kommunestyret før klagen vart sendt og kvifor spurde de ikkje dei om råd?

– Kommunestyret vart orientert når klagen var sendt. Det ligg i myndet til rådmannen og ordføraren, gjentek ordføraren og viser igjen til arbeidsgjevaransvaret.

Til toppen