FRYKTAR LEKKASJAR: Ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal vil unngå at sensitive personopplysingar skal kome på avvege. Difor har dei sendt barnevernsrapporten til juridisk vurdering før ho blir handsama vidare politisk.
FRYKTAR LEKKASJAR: Ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal vil unngå at sensitive personopplysingar skal kome på avvege. Difor har dei sendt barnevernsrapporten til juridisk vurdering før ho blir handsama vidare politisk. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Sogndal kommune har brukt 1,2 millionar på ein rapport nesten ingen har fått lesa

I frykt for lekkasjar og av omsyn til personvern har ordføraren i Sogndal lagt eit tungt lokk over rapporten om dei tidlegare arbeidsmiljøproblema i Sogn barnevern.

Sogndal: Førre torsdag presenterte dei eksterne granskarane rapporten om dei tidlegare konfliktane i Sogn barnevern. Konklusjonen var at kommunen har brote arbeidsmiljølova fleire gonger, men omfanget og alvorsgraden vart ikkje utbrodert. Kommunen fekk òg kritikk for å ha skubba problema framfor seg.

KUN FOR DEIRA AUGE: Rådmann Jostein Aanestad og ordførar Jarle Aarvoll.
KUN FOR DEIRA AUGE: Rådmann Jostein Aanestad og ordførar Jarle Aarvoll. Foto:  Halvor Farsund Storvik

Til no er rådmannen og ordføraren i Sogndal dei to einaste i kommunen som har fått lese sjølve rapporten til 1,2 millionar kroner.

– Det er avklara med juridisk kompetanse i KS at rådmann skal ha tilgang til rapporten. Han har arbeidsgjevaransvar overfor alle tilsette i kommunen og må ha rapporten for å ta hand om det ansvaret, opplyser ordførar Jarle Aarvoll i ein e-post.

Må lese rapporten på kommunehuset

Ordføraren skriv vidare at den same juridiske kompetansen skal vurdera kva omsyn til personvern kommunen må ta, før rapporten vert handsama vidare politisk.

– Den konklusjonen er enno ikkje komen. Teiepliktige opplysningar kan ikkje koma på avvege og personsensitive opplysningar skal handsamast med varsemd, skriv han.

VIL HA OPENHEIT: Hovudvernombod Frank Nymark i Sogndal kommune håper at politikarane får lese heile rapporten, ikkje berre ein redigert versjon.
VIL HA OPENHEIT: Hovudvernombod Frank Nymark i Sogndal kommune håper at politikarane får lese heile rapporten, ikkje berre ein redigert versjon. Foto: Halvor Farsund Storvik

Arbeidsmiljøproblema i Sogn barnevern starta meir eller mindre ved opprettinga i 2008. Dei varte fram til 2016, då omtrent alle tidlegare leiarar og tilsette var skifta ut. Frå tidlegare rapportar veit me at konfliktane til tider var så alvorlege at folk vart sjuke av å jobba der.

Den forsiktige handsaminga skuldast òg at over femti tidlegare tilsette og leiarar har blitt intervjua i arbeidet med rapporten. Alvorsgraden til konfliktane og skuldingane som kjem fram forsterkar trongen for varsemd.

Kontrollutvalet i kommunen, som har hatt ansvaret for å leia organiseringa av den eksterne granskinga, må nøya seg med ein felles «lesedag» på kommunehuset for å bli kjende med innhaldet:

– Skal ikkje fordele skuld

– Så lenge eg har vore ordførar har kommunen sin praksis vore at dokument unnateke offentlegheit ikkje skal ut av kommunehuset, men at politikarar les slike dokument på kommunehuset eller samla i møte, seier ordføraren.

– MÅ FÅ LESE HEILE: Leiar Arnt Hovland Munthe seier kontollutvalet ikkje vil godta å få lesa noko anna enn den fullstendige utgåva av barnevernsrapporten
– MÅ FÅ LESE HEILE: Leiar Arnt Hovland Munthe seier kontollutvalet ikkje vil godta å få lesa noko anna enn den fullstendige utgåva av barnevernsrapporten Foto: Halvor Farsund Storvik

På orienteringsmøtet førre torsdag sa både ordføraren og rådmannen at dei hadde vore vakne til 3-4 tida natta i førevegen for å rekka å lesa gjennom den over 200 sider lange rapporten. Me har enno ikkje fått svar på om dei gav seg sjølve lov til å lesa rapporten på sengekanten.

Ordføraren kan ikkje svara på kven som eventuelt vil få tilgang til den fulle rapporten etter kvart og kven som eventuelt må nøya seg med den «redigerte» utgåva. Han viser igjen til at desse spørsmåla framleis er under avklaring.

– Me skal bruka naudsynt tid til å handsama rapporten av respekt og omsyn for dei som har vore ein del av arbeidsmiljøkonflikta. Det vil vera eit overordna omsyn i mitt vidare arbeid. Verken eg eller andre politikarar skal no fordela skuld. Dersom me ikkje handterer denne saka på rett måte, kan me vera med på å skapa frykt og uvisse i heile organisasjonen, seier ordføraren.

Stolar på at dei får heile sanninga

Den neste ordinære møtedagen til kontrollutvalet er 13. november. Det ligg òg an til å bli lesedagen. Dei får altså ikkje lesa rapporten før KS har kome med si juridiske vurdering til kommunen.

Leiaren i utvalet, Arnt Olav Munthe, stolar likevel på at dei vil få tilgang på heile innhaldet, òg etter at juristane har vore ute med sladdepennen.

– Det er nok rimeleg lite sannsynleg at ikkje kontrollutvalet får lesa heile rapporten. Noko anna vil me uansett ikkje godta. Det må vera ei heilt klar føresetnad for oppdraget me har fått frå kommunsetyret. Om me skal koma med ei innstilling, så må ho vera basert på at me har lese heile rapporten, seier Munthe.

FRAMLEIS EIN LØYNDOM: Kva gjekk gale i Sogn barnevern? Det skulle rapporten til Arbeidsmiljøspesialistene gje svar på, men enno har berre rådmannen og ordføraren i Sogndal fått lese han.
FRAMLEIS EIN LØYNDOM: Kva gjekk gale i Sogn barnevern? Det skulle rapporten til Arbeidsmiljøspesialistene gje svar på, men enno har berre rådmannen og ordføraren i Sogndal fått lese han. Foto: Halvor Farsund Storvik
Til toppen