RÅDFØRING: Arne Glenn Flåten (H), Christen Knagenhjelm (V) og Margrethe Haug (KrF) diskuterer i ein pause under handsaminga av varslingssaka.
RÅDFØRING: Arne Glenn Flåten (H), Christen Knagenhjelm (V) og Margrethe Haug (KrF) diskuterer i ein pause under handsaminga av varslingssaka. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Sogndal kommune har fått to varsel om søksmål mot seg – har avvist det eine

Nye Sogndal kommune risikerer å arva den betente varslingssaka i Sogn barnevern.

Sogndal: Torsdag gav setterådmann Knut Broberg si siste orientering i varslingssaka i Sogn barnevern.

Kommunen har motteke to ulike krav i saka, eitt frå LO-advokatene på vegner av varslarane, og eitt frå ADI Advokater på vegner av fire av dei omvarsla leiarane. 

I eit notat til kommunestyret opplyser Broberg at det frå enkelte av varslarane blir krevd vesentlege summar.

FÅR TRULEG IKKJE PUNKTUM: Gamle Sogndal må truleg gje frå seg stafettpinnen til det nye kommunestyre i handsaminga av saka. Foto: Halvor Farsund Storvik

– Forhandlingane er utfordrande med tanke på avstanden mellom partane, men tonen er god og konstruktiv, sa Broberg, som orienterte politikarane over telefon.

Avviste kravet frå dei omvarsla

Sidan foreldingsfristen er sett til 1. februar, meinte Broberg det var god tid til å koma til semje i saka og avslutta saka utan rettssak.

Når det gjaldt kravet frå dei fire leiarane, sa Broberg at det kom overraskande.

– Det er mi vurdering at det ikkje er grunnlag for å fremma økonomisk krav mot kommunen, og det kravet er i utgangspunktet avvist. Når eg seier «i utgangsputnktet», så er det fordi me alltid er villige til å gå i dialog, sa Broberg.

Han rekna vidare oppdraget til det mellombelse varslingssekretariatet for avslutta, og har bedt advokatkontoret om å senda sluttoppgjer. Sjølv varsla han at han vil fråtre som setterådmann frå nyttår.

– Rådmannen i nye Sogndal kommune er ikkje inhabil, så om me ikkje får landa saka før då, kan han ta ho vidare, sa Broberg.

Nye Sogndal kan overta saka

Christen Knagenhjelm (V) tykte det var problematisk at det gamle kommunstyret risikerte å ikkje få ta saka i hamn. Broberg meinte det var uproblematisk.

–  Det nye kommunestyret arvar det gamle kommunestyret sine saker, på godt og vondt. Me står framleis i forhandlingar. Det er viktigare å koma i mål, enn å forsera prosessen, sa han.

Ordførar Jarle Aarvoll sa at det var uheldig at saka har drege langt ut i tid.

– Me lever i lokalsamfunnet og alle partar ønskjer å koma vidare, sa han.

Arne Glen Flåten (H) orienterte at han ønskte å stille spørsmål om namngjevne tidlegare eller noverande tilsette, og ba om vurdering av om møtet burde lukkast. Broberg stadfesta at det måtte det, og viste til at personalsaker er unnateke det offentlege.

Til toppen