VIL HA STERKARE SPRÅKBRUKPLAN: Kjell Einar Barsnes i Sogndal mållag.
VIL HA STERKARE SPRÅKBRUKPLAN: Kjell Einar Barsnes i Sogndal mållag. (Foto: Privat)

MEININGAR

Sogndal kommune treng ein sterkare språkbruksplan

Sogndal mållag vil mellom anna at kommunen skal samarbeida aktivt med næringslivet om bruk av nynorsk på skilt, i utlysingar og marknadsføring.

Me vil ynskja kommunen til lukke med samanslåinga og vedtak av 21.11.2019 om å «krevja nynorsk som målform i skriv frå statsorgan til kommunen» og vedtak om nynorsk som administrasjonsmål.

Me er også glade for at kommunestyret ynskjer å utarbeida ein språkbruksplan.

Gamle Sogndal kommune hadde ein språkbruksplan som vart revidert i 2005. Me tykkjer denne har mange kvalitetar som den nye kommunen kan byggja vidare på, slik at Sogndal kommune får ein endå sterkare språkbruksplan. I ein nynorskkommune som Sogndal må språkbruksplanen ta omsyn til at nynorsk er eit mindre brukt språk i Noreg og at brukarane av språket er i mindretal nasjonalt. Dette gjer dei meir utsette for å ikkje få oppfylt dei språklege rettane sine. Med språkbruksplanen må kommunen ta ansvar for at nynorsken får ein tydeleg plass i den nye kommunen.

Å støtta medvitet om dialektane våre, som teikn på identitet og sjølvkjensle, må vera eit språkpolitisk mål.

Lunde og Barsnes

Difor bør språkbruksplanen slå fast at ein legg vekt på å nytta nynorsk og dialektar i barnehagane og skulane både i lesing, song og skriftleg opplæring. Etter Opplæringslova skal lærarar og barnehagetilsette ta omsyn til elevane sitt talemål, og bruke elevane sitt hovudmål som undervisingsspråk. I Sogndal kommune er det nynorsk, og språkbruksplanen bør få fram korleis kommunen vil støtta barnehagane og skulane i dette.

Ein språkbruksplan må òg skildra reglar for korleis kommunen skal gjennomføra nynorsk som administrasjonsmål. Her bør ein sjå til Landssamanslutninga av nynorskkommunar sine malar for mål- eller språkbruksplanar. Der vert det fremja at god skriftleg kompetanse i nynorsk er eit viktig tilsetjingskriterium i kommunar med nynorsk som administrasjonsmål, noko me meiner at Sogndal kommune òg må få med i sin nye språkbruksplan.

Vidare bør språkbruksplanen slå fast at tilsette som treng det, skal få opplæring i nynorsk og godt administrasjonsspråk.

Her kan ein vidareutvikle vedlegget frå språkbruksplanen til «gamle» Sogndal kommune, som er meint som ei støtte til tilsette når dei skriv nynorsk. Der vert det til dømes tilrådd å skriva aktiv, ikkje passiv, å bruka personleg pronomen, og ikkje nytta fleirtydige eller uklåre ord. Språket må vera klårt og lett å forstå.

I dei ulike fagfelta er leiarane ansvarlege for dei nynorske terminologiane, og språkbruksplanen kan òg nemna særskilde rådgjevarar som kan hjelpa leiarane med termane.

Sogndal kommune bør vera ein pådrivar for nynorsk materiell frå KS og samarbeida aktivt med næringsdrivande om bruk av nynorsk på skilt, i utlysingar og marknadsføring. Godt språk fengjer og fjernar barrierar for kommunikasjon og samhandling. Det er gjort mykje arbeid med godt språk i Sogndal, Leikanger og Balestrand, og me i mållaget ber dykk dyrka vidare på denne grunnen.

Til toppen