TAP: Sogndal klarte ikkje å få inn nok mål på dei moglegheitane dei fekk.
TAP: Sogndal klarte ikkje å få inn nok mål på dei moglegheitane dei fekk. (Foto: Youri van der Werve)

Sogndal kunne ha sikra plassen med siger

I staden for å sikre plassen blir det ein meir spennande avslutning på sesongen enn nødvendig.

Sogndal-Os 22-32

– Dette var ein dårleg kamp, seier lagleiar Lars Engen Skadal til Porten.no etter kampen.

Den siste kampen mot Sotra blei vunnet og ein siger mot Os hadde vore nok til å sikre plassen. Dette gjekk ikkje og det var Os som no berre ligg to poeng bak Sogndal i serien.

– Me har ikkje det sterkaste mannskapet akkurat no. Det er litt for lite breie i laget, seier Skadal.

– Me hadde tatt med oss to stykk som har komme heim frå militæret og satsa litt på dei. Dei var nok litt rusk i maskineriet for dei skapa ikkje heilt det me hadde håpa på. I tillegg ga me to seksten-åringar sjansen til å spele heile kampen.

Os leia frå start til slutt

ORDKRIG: Litt temperament var også å finne i denne kampen. Foto: Youri van der Werve

Allereie tidleg frå start var det Os som tok leiinga med fleire mål og dette klarte Sogndal ikkje å snu. I staden auka Os leiinga gjennom heile kampen sjølv om Sogndal fekk like mange moglegheiter.

– Det er litt for lite presisjon i avslutningane og så blir det litt for fort at enkeltmanns presentasjonane bikke imot.

– Det var veldig greitt at me vann førre helg. Vi kunne ha sikra plassen, men no blir det litt meir spenning. Os må vinne og det har dei ikkje gjort så mykje av, så vi får håpe at dei ikkje kjem til å gjere det no heller, seier Skadal.

Til toppen