SIGER: Sogndal vann mot Stjørdals/Blink.
SIGER: Sogndal vann mot Stjørdals/Blink. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Sogndal låg under med to mål – snudde kampen på sju minutt og sigra mot Stjørdals/Blink

Det såg mørkt ut, men Bakke & Co snudde kampen.

Sogndal-Stjørdals/Blink: 3-2 (0-1)

Trass at heimelaget hadde god kontroll, tok bortelaget leiinga etter at ein halv time var spelt på Fosshaugane Campus. Stillinga holdt seg slik til pause, men kun tre minuttar etter kvilen auka Stjørdals/Blink leiinga til 0-2.

Fire minutt etter at bortelaget auka leiinga, reduserte Alioune Ndour for Sogndal. Minuttet etter utliknar Daniel Eid, og takka være Mathias Blårud går Sogndal i leiinga i det 59. minutt.

I løpet av sju minutt har heimelaget snudd kampen, og teke leiinga.

Det blir ingen fleire mål på Fosshaugane, og kampen endar 3-2 til Heimelaget. Sogndal ligg no på førsteplass i OBOS-ligaen, eit poeng framfor Tromsø som har ein kamp mindre spelt.

Til toppen