KONDOM: Med slagordet «Stao no pao» har Sogndal lansert sitt eige kondom. Då gjenstår det å sjå om det blir meir jubel mot Brann. Foto: Halvor Farsund Storvik.

Sogndal lanserte eige kondom

Med slagordet «Stao no pao» har Sogndal lansert sitt eige kondom.

Sogndal: Kondomet er eit marknadsstunt for å skape blest rundt eliteserieklubben, skriv Sogn Avis.

– Studentane er ei gruppe vi vil nå ut til. Fram til no har dei ikkje vore så aktive, derfor ønskjer vi å skape blest og få dei til å sperre opp auga for Sogndal og klubben. Så då tenkte vi, kvifor ikkje gjere det med kondom, seier kommunikasjonsansvarleg Hilde Østbø til Sogn Avis.

Studentar ved Høgskolen i Sogndal kan forsyne seg gratis av den nye «førsteforsvararen».

Lokalavisa spør Sogndal om slagordet har ei frekk dobbelttyding. Slik svarar klubben:

– Det er mange måtar å tolke det på.

Sogndal-forsvaret har ikkje vore til å stole på hittil i sesongen. 13 baklengsmål er det blitt for laget som slo Molde 2–1 16. mai. SIL ligg på 11.-plass i Eliteserien.

(©NPK)

Til toppen