(Foto: Arkivfoto/Halvor Farsund Storvik)

Sogndal vann 4-0 mot Jerv

Heimelaget dominerte heile kampen.

Sogndal: Klokka 18.00 var det avspark på Fosshaugane Campus. Heimelaget tok leiinga alt i åttande minutt. Då skåra Joachim Soltvedt fyrste målet.

Kveldens andre mål blir skåra av Ulrik Flo.

Laga går til pause med stilling 2-0 til Sogndal. Ein kamp med to skot på mål, begge enda med mål, skriv Firda livesenter.

Etter pause

I 55. minutt set Joachim Soltvedt eit frispark i mål. Ei fantastisk scoring, skriver Firda.

Ulrik Flo sikrar Sogndal sitt fjerde mål via tverrkrysset då det gjenstår 11 minutt av ordinær speletid.

Stillinga blei til slutt 4-0 til heimelaget.

1. divisjonslaga Sogndal og Jerv ligg på 7. plass og 12. plass før dagens kamp. Dei siste fem oppgjera mellom desse to laga har, ifølgje Firda livesenter, enda med uavgjort.

Til toppen