HISTORISK: Sogndal U19 møter finske Honka FC i aller første europaligakamp på Fosshaugane stadion.
HISTORISK: Sogndal U19 møter finske Honka FC i aller første europaligakamp på Fosshaugane stadion. (Foto: Janne Bøyum)

Sogndal vann 3-1 i første europaligakamp på Fosshaugane

Honka sendte inn det første målet, men like etter svara Sogndal med to mål rett før pause, og enda eit i andre omgang.

Sogndal: Sogndal spelar best i første omgang. Dei har mange nestensjansar, men når ikkje heilt fram. Etter 37 minutt scorar Martin Salin for dei finske, og Sogndal hamnar under.

Men berre tre minuttar seinare slår heimelaget tilbake, og Mathias Sundberg sparkar inn eit mål. Det ser ut som stillinga skal bli lik før pause, men berre minuttet før sparkar Anders Nord ballen i nettet, og Sogndal går leiande til pause med 2-1.  

I andre omgang scora Vegard Halset for Sogndal etter 69 minuttar, og Sogndal vinn kampen 3-1.

LAGET: På laget til Sogndal U19 er Håvard Hetle, Eivind Helgesen, Kasper Bordvik, Adrian Solberg, Mikkel Erlandsen, Eirik Stokkenes, Anders Nord, Sivert Mannsverk, Elias Mittet, Vegard Halset og Mathias Sundberg. Foto: Janne Merete Bøyum

Første europaliga-kamp på Fosshaugane 

Sogndal U19 møter finske Honka U19 i sin første kamp i europaligaen. 

– For første gang i historia spelar Sogndal i Europaligaen, seier leiar for Sogndal Fotball Rasmus Mo på høgtalaren før kampen. 

På laget er Håvard Hetle, Eivind Helgesen, Kasper Bordvik, Adrian Solberg, Mikkel Erlandsen, Eirik Stokkenes, Anders Nord, Sivert Mannsverk, Elias Mittet, Vegard Halset og Mathias Sundberg.

Sivert Mannsverk er dagens kaptein.

På benken sit William Rakkenes, Per Michael Thune, Jonas Torvanger, Johan Bakke, Gøran Njøs og Iver Skorve.

Til toppen