DIREKTE: Sogndal Næringsforening har skrive ope brev til Widerøe der dei påpeikar kor viktig ei direkte dagrute frå Sogndal til Oslo er for det lokale næringslivet. Foto:  Dash 8  av  Aero Icarus / Flickr Creative Commons .
DIREKTE: Sogndal Næringsforening har skrive ope brev til Widerøe der dei påpeikar kor viktig ei direkte dagrute frå Sogndal til Oslo er for det lokale næringslivet. Foto:  Dash 8  av  Aero Icarus / Flickr Creative Commons .

– Sogndal Lufthamn er avgjerande for eit velfungerande næringsliv

Sogndal Næringsforening med ope brev til Widerøe der dei presiserer kor viktig ei direkterute til Oslo midt på dagen er, og at dei vil setja bygging av hangar på dagsorden.

Sogndal: – På vegne av næringslivet i Sogndal vil vi presisere at vi som publikum ikkje ønsker ikkje eit tilbod til Oslo med mellomlanding i Ørsta-Volda med reisetid på 2 timar. Vi ønskjer direkteruter, og ei direkterute midt på dagen er særs viktig for næringslivet vårt, skriv foreninga ved leiar Agnar Holen i eit ope brev til Widerøe.

I brevet går det fram at styret er kjend med at Widerøe frå 14. august planlegg endringar i rutetilbodet på Sogndal Lufthavn. Direkteflyet midt på dagen til Oslo med reisetid 45 minuttar er tenkt sett opp ein time tidlegare på dagen med mellomlanding i Ørsta-Volda, noko som vil føra til reisetid på ein time og femti minuttar.

Les også: Ordføraren er opprørt over mogleg ruteendring

– Med denne endringa vert det no fem flyavgangar frå kl 07:05 til 11:45. Etter dette går neste fly kl 18:25, altso ein pause på 6,5 time. Samferdsledepartementets si anbodsinnbyding seier følgjande om rutedrift: «Operatøren skal ta omsyn til publikum sin etterspørsel etter flyreiser», står det vidare i brevet. 

– Hangar på dagsorden

Som porten.no har omtalt vil ein flyhangar på Sogndal Lufthamn kunne betra regulariteten og gjera logistikken enklare – men skal ein flyhangar koma på plass må eit spleiselag til.

Les også: Difor kjempar dei for hangar på flyplassen

– Sogndal Næringsforening vil gjerne vere medspelar til både Widerøe og Avinor når det gjeld utvikling av rutetilbod ved Sogndal Lufthamn. Vi vil framover setje bygging av hangar for mogeleg nattstasjonering av fly i Sogndal på dagsordenen. Vidare vil vi vere pådrivar for å utvide rullebanen og utvikle vegen fram til flyplassen, står det vidare i brevet. 

Foreninga vil no mobilisera politikarar, næringsliv og sentrale brukarar av Sogndal Lufthamn til ei interessegruppe for flyplassen.

– Sogndal Lufthamn er avgjerande for eit velfungerande næringsliv og lokalsamfunna våre og i Sogn står vi samla bak flyplassen vår.

I tillegg til leiar Holen er brevet signert resten av styret i foreninga: Eyvind Øgar, Heidi Kathrin Osland, Ole Petter Hatlevoll, Rita Navarsete, Tor Arne Ness og Wilhelm Tangerud

Til toppen